Heim Nyhende Drøymer på nynorsk

Drøymer på nynorsk

Marta Norheim trur det er fleire forfattarar som er morosame på nynorsk, enn på bokmål.

– Korleis var det å få Språkprisen?

– Det er alltid stas å bli sett pris på. Å bli sett pris på med Språkprisen fortel meg at nokon legg merke til arbeidet eg legg i språkføring og stilvariasjonar, det er ekstra stas.

– Kva blir dei viktigaste utfordringane for nynorsken framover?

– No som før handlar det om å få innpass på andre arenaer enn dei kulturelle: i næringsliv, i reklame, i aviser.

– Kva forhold har du sjølv til nynorsk?

– Eg er oppvaksen med det og reknar nynorsk som morsmålet mitt, sjølv om mor mi snakkar bokmål. Eg skriv, tenkjer og drøymer på nynorsk. Men det kan av og til gå i ball når eg skal snakke nynorsk i radio med bokmålsfolk. Det er jo gjerne slik at samtalepartnarar låner ord frå kvarandre i samtalen, og då blir det knot. Det må eg leve med.

– Kva respons har du fått på at du brukar nynorsk som journalist?

– I NRK er det såpass mange nynorskbrukarar at det ikkje er så mykje snakk om det, verken på godt eller vondt. Vi røktar våre to språk her, etter beste evne. Av og til får eg komplimentar frå lyttarar av typen: «Det du snakker om, er så interessant at jeg glemmer at du snakker nynorsk.» Det er jo tvitydig og neppe meint som ei støtte til nynorsk. Men oftare seier nokon at eg snakkar nydelig, og det er nok positivt meint.

– Kva rolle speler nynorsken i litteraturen?

– Det finst mange sentrale forfattarar som skriv på nynorsk, her er det ein stolt tradisjon frå Aasen og Vinje via Vesaas og Fløgstad til Nilssen, Tiller, Øyehaug og Ravatn. Dei siste åra har det vore uvanleg mykje bra som har kome, mange nye forfattarar klemmer til på nynorsk. 

– Korleis er den nynorske litteraturen?

– Den nynorske litteraturen er heldigvis så stor og mangslungen at han ikkje let seg setje på éin formel. Både i form og tematikk er nynorskingane i slekt med europeisk litteratur på bokmål, fransk og tysk. Om eg skulle peike på ein ting, måtte det vere at påfallande mange nynorske forfattarar har ein bra humor. Dette siste må ein i grunnen høyre med bokmålingar om, kanskje det er stammehylet eg gjenkjenner og ler av? Humor er som kjent sterkt knytt til språket og dei som bruker det. Men inntil vidare trur eg at det er fleire forfattarar som er morosame på nynorsk, enn på bokmål.

 

– Korleis kan ein få fleire til å skrive på nynorsk?

– Ja, sei det. Mitt inntrykk er at det er mange som sluttar med nynorsk i tenåra. Det kan jo både vere fordi det ikkje er kult, og fordi det er eit språk som ein ikkje får lov å bruke alle stader. Korleis ein skal få nynorsk til å verke kult i øyro på ein tenåring, veit eg ikkje, men eit arbeid for å sleppe nynorsken fram i media og samfunnsliv verkar fornuftig.

Namn: Marta Norheim

Aktuell: Arbeidar som kulturjournalist og litteraturmeldar i NRK. Fekk Språkprisen 2012 for bruk av framifrå nynorsk i sakprosa.

 

Førre artikkel– Det krevst berre små grep
Neste artikkelI startgropa

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...