Heim Nyhende Etterlyser samarbeid

Etterlyser samarbeid

Ordførar i Sirdal, Thor Jørgen Tjørhom (Sp), meiner private og offentlege krefter i kommunen må bli flinkare til å samarbeide skal ein oppnå vekst i næringslivet og eit auka folketal.

– Dersom me ikkje får auga opp for det som me vil utvikle, og dersom me ikkje får til eit samarbeid mellom det private og det offentlege, er eg redd me vil bli gåande med litt bakglatte ski, som i dag. Men dersom me lukkast i å få til ei felles plattform, så trur eg at me om ti år berre har sett byrjinga av det som vil bli vekst i næringslivet, folketalet og ei styrkt omdømmebygging, seier Tjørhom.

Kraftkommunen har om lag 1700 innbyggarar fordelte på 1500 kvadratkilometer.

– Me har nesten ein kvadratkilometer per person, slår Tjørhom lattermild fast.

Og desentralisering er viktig.

– Det er ein stor kommune. Og me ynskjer til dømes at ein skal få ein alderdom der ein bur lengst mogleg heime, ikkje på institusjon, sjølv om det er ein dyr måte å drive på, seier ordføraren.

God til å spare

I dag er Sirdal ein rik kraftkommune. Det har ikkje alltid vore slik. Fram til utbygginga av Sira-Kvina-vassdraget på byrjinga av 1960-talet var kommunen ein landbrukskommune. I dag er derimot store deler av kommuneøkonomien basert på kraftinntektene. Eit ansvar kommunen klarer å ta, i fylgje ordføraren.

– Sirdal har hatt driftsoverskot på den kommunale rekneskapen i mange år, og me har ikkje hatt noko behov for å pøse kraftmidlane ut i drifta. Eg vil påstå at kommunen har hatt nokså god styring på midlane, og at ein har vore relativt god til å spare, slår han fast.

Det kan kome godt med når kommunen no skal investere om lag 200 millionar kroner i oppgradering av skulebygg og uteområde. Kraftmidlane vert også sett av til eit fond for framtidige investeringar som som skal styrkje næringslivsutviklinga i kommunen.

Satsar på rekruttering

Som så mange andre distriktskommunar er folketalet ein av kommunen sine største utfordringar.

– Me ser at dersom me skal få ungdommane våre heim att, så må me for det første ha jobb til begge, og så må me ha varierte kompetansearbeidsplassar tilgjengelege, meiner Thor Jørgen Tjørhom.

Han legg ikkje skjul på at kompetansearbeidsplassar ikkje er det kommunen er best på. Ungdommane vil ha spanande jobbar som svarer til utdanninga deira.

– Med dagens utdanningskrav, der ein ofte har fem til ti års utdanning, kjem også kravet om ein god jobb og ei god lønn for å til dømes klare å betale studielånet.

Sirdal kommune har også lagt ned ein del arbeid i rekrutteringstiltak for ulike yrker.

– Me har innført gode permisjonsreglar og lønnsmidlar for å rekruttere blant anna førskulelærarar og helsepersonell. Sirdal er ikkje navlen i verda, så skal me få tak i flinke folk, må me tilby ei høgare grunnlønn enn mange andre plassar, seier han.

For få overnattingsstadar

Sirdal er både hytte- og reiselivskommune. Men kommunen har for få overnattingsstadar, slår ordføraren fast. Kommunen har eit stort belegg på sine 3000 private hytter og leilegheiter i helger og feriar. Og dagsturismen er relativt stor. Tal frå reiselivsnæringa viser at innbyggartalet på 1700 personar i kommunen i helger og feriar er oppe i 4–5000 personar. Men kommunen treng altså fleire overnattingsstadar for at turismenæringa skal veksa ytterlegare. Eit resultat av dette er blant anna at tre nye hotell er under planlegging.

– Me har fire store skitrekk i Sirdal. Men skal me klare å konkurrere med andre skiplassar i nærleiken, må me få eit større volum når det gjeld overnattingsstadar, seier Tjørhom.

– For å få dette til må me også ha tilrettelagde fritidsaktivitetar og gode løyper, seier han og viser til at kommunen har eit ansvar for å styrkje reiselivet, samstundes som kommunen ikkje skal inn i næringa for å drive. Det får andre krefter ta seg av.

– Det offentlege kan også bli ei sovepute for det private næringslivet. Det er ikkje bra, meiner han. Kommunen si oppgåve blir heller å leggje til rette for gode møteplassar sm skaper godt omdømme.

Kulturkommunen

Sirdal er også kulturkommunen.

– Kultur er ein viktig faktor for næringsutvikling og for å auke folketalet, meiner Tjørhom og viser til at kommunen har mange frivillige som engasjerer seg i organisasjonar og elles i lokalsamfunnet.

– Kultur er ein vekstfaktor, slår han fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...