Heim Nyhende Feirar Vinjes fødselsdag med dans og dagbøker

Feirar Vinjes fødselsdag med dans og dagbøker

Laurdag 2. april blir 198-årsdagen til A.O. Vinje feira på Vinjar samfunnshus i Vinje med ord, dagbøker og musikk.

Publikum får høyre ord og ordsamlarar frå Vest-Telemark, og om dagbøker gjennom to hundreår.

– Vi gler oss også svært til at ei barnegruppe under leiing av Ellen Nordstoga skal framføre tradisjonsstoff frå Vinje, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

A.O. Vinje var fødd 6. april 1818. Det er fjerde gongen Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum samarbeider om feiring av dagen. Det skal leggjast blomar ved statuen av A.O. Vinje, og i år har redaksjonsleiar Randi Berdal Hagen i Vest-Telemark Blad takka ja til dette ærefulle oppdraget.

Grautpinne og journalistikk

Tidlegare prosjektdirektør Kristin Bakken i Norsk Ordbok slektar frå Telemark. Ho fortel om ord og ordsamlarar frå Vest-Telemark, og litteraturforskaren Øystein Hide frå Ulvik fortel om dei dagbøkene som Ivar Aasen, Arne Garborg og Olav H. Hauge skreiv.

Under arrangementet på Vinjar røper ass. rådmann Anders Sandvik litt av planane for 200-årsjubileet for A.O. Vinje 2018. Arrangørane gjer meir enn å feire Vinje denne dagen. Dei markerer også at det er 100 år sidan diktaren og journalisten Tor Jonsson blei fødd.

– Entusiasmen breier seg frå Vinjeflaten og utover heile verda, seier kultursjef Signe Marie Kittelsaa i Vinje kommune.

– Ingen er for gamal og ingen er for ung til å vere med og feire ein 198-årsdag. Servering blir det også, både graut og grautpinne, kringle og kaffi.

Viser korleis Vinje-senteret kan bli

Ordførar Jon Rikard Kleven opnar arrangementet. For to veker sidan fekk han i hende prosjektplanen for Vinje-senteret som har vekt stor interesse.

– Særleg gledeleg er den positive mottakinga hos Telemarks-politikarar og kulturpolitikarar i Stortinget, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Med seg til Vinjar har han det siste eksemplaret av førsteopplaget av prosjektplanen. Under fødselsdagsfeiringa i fjor var det idédugnad om kva Vinje-senteret burde bli. No ligg prosjektplanen for den nye institusjonen føre. I år tek Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum publikum med på ei synfaring gjennom teikningane for Vinje-senteret og viser kva dette kan bli.

– Den detaljerte prosjektplanen gjer det mogleg å fortelje svært konkret om korleis det blir å vitje Vinje-senteret om det eg vonar er få år, seier Ottar Grepstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...