Heim Nyhende Festivalrekord med over 2100 gjester på Litteraturdagane i Vinje

Festivalrekord med over 2100 gjester på Litteraturdagane i Vinje

– Vi var spente på korleis publikum ville ta imot eit program med godt etablerte programpostar og mange nye innslag, og responsen overveldar oss, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.

 

Litteraturdagane i Vinje blei gjennomførte i helga med 2139 gjester og 80 utøvarar på 31 arrangement i 3 kommunar. Det er publikumsrekord for denne eldste litteraturfestivalen i Telemark, 1000 fleire enn året før og 50 prosent over budsjett, ifølgje ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Vinje-senteret for dikting og journalistikk er under oppbygging, og det var første gongen Vinje-senteret arrangerte Litteraturdagane. Det blei mellom anna gjort med to urpremierar på konsertar og scenestykke, urframføring av fem songar og komposisjonar, og ei rekkje originalforedrag.

Fleire arenaer, mange nye ansikt

Programmet spente frå eit fyrverkeri av ein samtale om sjakk i språk og litteratur til skarpt tenkte foredrag om pengar, Vidar Sandbeck og tustar før Tusten i Tarjei Vesaas’ forfattarskap. Tord Gustavsen fjetra på ny publikum med tingingsverket «Ferdaminne», og for første gong stod Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Kjartan Fløgstad på same scene i ein eineståande konsert med Fløgstad-songar tonesette av Fliflet.

Ein tredel av programma handla om 200-årsjubilanten Vinje. Foredragshaldarar frå Edinburgh, London og Oslo kom til Vinje med siste nytt om jubilanten. Særleg inntrykk gjorde eit foredrag av Jon Haarberg om Rosa Vinje, kona til A.O.Vinje. Vinje barneteater hadde urpremiere på familieframsyninga «Gubben på sokkelen» med ti barn i alle roller. I framsyninga «Vinje, vår mann» gav Lars Amund Vaage sitt bilete av diktaren og journalisten.

– Vi sa på førehand at vi ville gjere dette til ein festival for heile Vinje og for mange fleire, og vi heldt det vi lova, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Grepstad gler seg særleg over at programmet på den nye arrangementsstaden Rauland blei teke så godt imot. Litteraturdagane i Vinje hadde også arrangement på dei vidaregåande skulane i Bø og Tokke.

– Festivalen har ein solid kjerne av gjester som kjem att, men i år såg vi også mange nye ansikt. I fjor kom 1139 gjester, vi hadde budsjettert med 1400 og fekk 50 prosent fleire enn budsjettert. Både i innhald og hos publikum ser det ut til at dei varsame endringane i år har styrkt denne viktige festivalen, seier Ottar Grepstad.

Sjakk-kommentator Atle Grønn og språkdirektør Åse Wetås snakka om sjakk i språk og litteratur under Litteraturdagane i Vinje. Foto Sunniva Lund Osdal, Nynorsk kultursentrum

Andre har gjort godt arbeid tidlegare

For første gong blei det gjennomført ei publikumsundersøking av same slaget som på Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival, dei to andre festivalane som Nynorsk kultursentrum driv. Dei svara vil Rantala lese nøye. – Dette var første gongen for oss, og inn imellom all begeistringa frå publikum har vi også fått nokre tips om kva som bør endrast neste år. Det tek vi med oss, seier Kristian W. Rantala.

Festivaldagane hadde han ansvaret for om lag 30 medarbeidarar og frivillige. – Litteraturdagane er ein av dei mest desentraliserte festivalane i landet, og då kjem ein ingen veg utan mange gode hjelparar. Det vi gjorde no, kunne vi berre få til fordi mange har gjort eit godt arbeid med å utvikle festivalen før oss, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.

Litteraturdagane i Vinje

  • Den eldste litteraturfestivalen i Telemark, arrangert årleg sidan 2001
  • Frå 2018 eigd og driven av Nynorsk kultursentrum som ein del av Vinje-senteret
  • Festivalprofil 2018: A.O. Vinje
  • Budsjett 2018: 1400 gjester og 1,1 millionar i inntekter
  • 2139 gjester på 31 arrangement i 3 kommunar i 2018
  • Blir neste gong arrangert 23.–25. august 2019

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...