Heim Nyhende Fjellkommune med sjølvmedvit

Fjellkommune med sjølvmedvit

Ordføraren i Vinje har dei to siste åra motteke service-, kultur- og amnestypris, men held likevel beina godt planta på jorda.

Distrikts-Noreg er litt offer for eit kolonialistisk mønster, hevdar Arne Vinje, ordførar (SV) i Vinje kommune.

– Det er krevjande å vera eit utkantsamfunn i dag. Vi leverer råvarer som kraft, metall og ungdom til utvikling av bysamfunnet. I det lange løp er dette utarmande for eit samfunn både kulturelt og politisk, seier Vinje. Han er difor særs nøgd med at kommunen har fleire institusjonar, som til dømes Akademiet på Rauland, som huser avdelinga for folkekultur ved Høgskulen i Telemark, og Attføringssenteret i Rauland (AiR), som er den største ikkje-kommunale arbeidsgjevaren i kommunen. Dette er institusjonar som krev kompetanse og likevel kan fungera godt der dei er lokaliserte. I tillegg har reiselivsnæringa i kommunen ifølgje ordføraren hatt ei rivande utvikling, med fleire tusen fritidsbustadar frå Vågslid i vest til Rauland i aust.

Godt sjølvmedvit

Innbyggjarane i Vinje har ifølgje ordføraren tradisjonelt blitt skildra som eit folk med godt sjølvmedvit.

– Dette har med åra blitt sterkare i og med at forskarar og samlarar har tatt tak i det dei finn, og har lyfta det fram, fortel Vinje. Dette er med å stadfesta at det ein står for kulturelt, har ein verdi. Storsamfunnet legg premissar for lokalsamfunnet både når det gjeld haldningar og verdiar, held han fram. Nett av di den dominerande urbane kulturen er så sterk veks det fram eit behov for noko anna, unikt, som skil seg ut.

Sidan 2003 har SV-politikaren vore ordførar i kommunen som har hanka inn prisar både for service, kultur og for integrering. Sistnemnde via amnestyprisen i 2008.

Somaliarane som kom til kommunen frå 1987, er i dag innbyggjarar i Vinje og ikkje lenger flyktningar, understrekar ordføraren.

I ei evaluering av integreringa som Vinje kommune har utført, er innvandrarane sjølve til dels svært godt nøgde med situasjonen sin og har utvikla ei sterk tilknyting til Vinje. 80 prosent av dei som svara, seier at dei ikkje har ønske eller planar om å flytte til andre kommunar.

Positiv vekst

Vinje kommune er også ein av dei største kraftkommunane i landet. Sidan anleggsarbeidet skaut fart i 1957, er dei fleste av vassdraga i Vinje regulerte. Kraftverka i kommunen har ifølgje ordføraren ei samla installert effekt på 476 MW, og ein årleg kraftproduksjon på om lag 1,0 TWh til ein brutto marknadsverdi på 475 millionar kroner per år (2005).

Med eit areal som er 1,3 gonger større enn Vestfold fylke, og med knapt 3700 innbyggjarar kan fjellkommunen i Telemark ifølgje ordføraren skilte med eit breitt samansett samfunn. Etter mange år med tydeleg nedgang i folketal har ordføraren dei siste to åra merka ein positiv tendens for kommunen.

– Det verkar som om det er mykje positivt her, seier han. Ikkje mykje ”Fucking Åmål”-stemning, så vidt ordføraren kan spora, og viser til den svenske filmsuksessen frå 1998.

– Mange av ungdommane som er utflytta, ser etter høve til å koma seg heim att, held han fram. Arne Vinje ser også interesse for å busetja seg i Vinje blant folk langt utanfor kommunegrensene.

– Dette syner at kommunen har lukkast i sitt arbeid med å styrkja omdømet, seier Vinje.


FAKTA:
Vinje kommune ligg øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg. E-134 går tvers gjennom kommunen og er eit hovudsamband mellom aust og vest. E-134 møter riksveg 9 til Kristiansand i Haukeli. I Åmot møtest riksveg 37 frå Kongsberg og Rjukan med riksveg 38 frå Vrådal og Dalen.

Vinje kommune har 3662 (pr. 01.01.09) innbyggjarar og er på 3117 km2. Grender med solsvidde tun frå mellomalderen, helleristningar frå bronsealderen og gravhaugar frå eldre jernalder. Ein diktartradisjon frå eventyra og folkevisene til Aasmund O. Vinje og Tarjei Vesaas, og ein musikktradisjon frå Myllarguten til unge spelemenn og rockemusikarar.

Om vinteren: moderne, godt utbygde alpinanlegg, kjelkebakker, milevis med velpreparerte låmer.

Om sommaren: ridesenter, gardsturisme, turorienteringsløyper, naturstigar og mykje meir. Kommunen har lange tradisjonar i reiseliv. Turistar kan velje mellom campinghytter, caravanplassar og hotell av høg standard.

Tre nasjonale prisar; årets servicekommune i 2005, amnestyprisen 2009 og kulturprisen 2009 har vore med på å gje Vinje kommune omdømme som kulturkommune, ein open og inkluderande kommune og ein servicekommune.

Kommunestyret er samansett slik:
Ordførar: Arne Vinje (SV)
SV        6
AP        7
Sp        5
Frp        3
Krf        2
H         1

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...