Heim Nyhende Fleire vil bli lærar og ingeniør

Fleire vil bli lærar og ingeniør

I år er det rekordstor søking til høgare utdanning, og særleg mange søkjer seg til lærar- og ingeniørutdanninga.

Tal frå Samordna opptak viser at det i år er 25 prosent fleire søkjarar til ingeniørutdanninga enn i fjor. Samstundes melder Kunnskapsdepartementet at talet på førstevalssøkjarar til lærarutdanninga har auka med 50 prosent dei siste fire åra. Regjeringa har gjennomført fleire kampanjar dei siste åra for å auke interessa for læraryrket, og frå i fjor til i år har talet søkjarar til lærarutdanninga auka med 7,5 prosent. Også føreskulelærarutdanninga har fått eit løft. Der er det i år 22 prosent fleire søkjarar enn i fjor, og det kjem etter tre år med nedgang i talet søkjarar og stadig fleire søknader om dispensasjon frå kravet om pedagogiske leirarar i barnehagane.

Også helsefagutdanninga opplever ein auke i talet på søkjarar, med 6,6 prosent fleire i år enn i fjor, melder Kunndskapsdepartementet.

Innan estetiske fag ser ein derimot at tala peikar nedover, med totalt 7,2 prosent færre søkjrara frå i fjor. Også samfunnsfag, historie og idrett har nedgang i søkermassen, melder forskning.no.

Vekst i heile landet
Framleis er det dei største institusjonane i dei store byane som opplever størst vekst, men også mange av høgskulane utanfor dei store byane har positive tal. Den auka tilstrøyminga til lærestadane i dei store byane som ein såg nokre år, har flata ut, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Det viser at institusjonane i distrikta har utvikla eit godt studietilbod som søkjarane ønskjer å nytte seg av. Dette er ei riktig og ønska utvikling, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kvinnene er framleis i fleirtall av søkjarane: 59,2 prosent kvinner mot 40,8 prosent menn.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...