Heim Nyhende – Framtida til nynorsken må byggjast på tillit

– Framtida til nynorsken må byggjast på tillit

Ved både å heidre dei vanlege orda og minne om tilliten nynorsken er avhengig av i framtida, opna statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag Dei nynorske festspela 2015.

– Danninga og utviklinga av det nynorske språket, er tufta på tillit av språkleg røynsle over heile landet og lit til at norsk språk er eit kulturspråk, sa statssekretæren i Kulturdepartementet til forsamlinga under opningshøgtida ved Dei nynorske festspela i Aasentunet torsdag kveld. I år er «Tillit» tema for festspela. Dette temaet brukte statssekretæren flittig gjennom heile opningstalen sin.

Test deg sjølv: Kva veit du om Ivar Aasen?

Borgundvaag innrømde både ei forståing for at mange opplever tåkeprat frå det offentlege og ikkje minst at politikarar ofte har svært godt av å tenkje gjennom korleis dei snakkar og skriv.

– Norsk språk må seiast å vere heilt naudsynt for tilliten mellom norske styresmakter og folket, sa han og meinte vidare at ein oppnår det motsette av tillit og dialog ved å bruke eit vanskeleg språk utan bakkekontakt.

– Det handlar om å ha tillit til dei vanlege orda og det allmenne. Her kan vi lære av nynorsk språkhistorie og ordlegging, sa statssekretæren til eit auditorium fylt til randa med eit språkinteressert publikum.

LES OGSÅ: Travelt år for festspeldiktaren

– Nynorsken må byggjast på tillit
Borgundvaag minte også om kvifor styresmaktene set krav og kor viktig det er å lovfeste nynorsken også i det offentlege språket.

– Eg vil hevde at framtida til nynorsken må byggjast på tillit. Verkemiddelapparatet som dei fleste av oss er einige om at nynorsken treng, er avhengig av større delar av folket enn berre dei som dagleg nyttar nynorsk. Likeverdet mellom bokmål og nynorsk som opplæringsspråk, og offentleg administrasjonsspråk, er lovfesta. Praktisering av målreglane er i stor grad basert på tillit til at grunnkompetansen i norsk er god og at det er vilje til å ta begge målformene i bruk , minna han om.

Festspela kan skape ny gneiste
– Nynorsken sin undergang har vore varsla fleire gonger, og slike varsel kjem også i dag. Eg vil seie at framtida for eit språk, er ikkje eit spørsmål om kva vi trur, men kva vi vil. – Eg er viss på at dei som er samla her i dag har viljen som trengst, og at desse dagane kan skape ny gneiste for nynorsk språk, avslutta Borgundvaag opningstalen sin med.

Under opningshøgtida blei også mellom anna prisen for Årets nynorskbrukar tildelt Jorunn Veiteberg, og Gunhild Øyehaug, festspeldiktaren 2015, las ein heilt ny tekst. (©NPK)

LES OGSÅ: Respekt og takksemd til Ivas Aase

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...