Heim Nyhende Frontar Språkåret med eigen portal

Frontar Språkåret med eigen portal

Om éin knapp månad opnar Språkåret 2013, men allereie no kan språkinteresserte bu seg på dei komande arrangementa neste år, leggje inn eigne arrangement eller få inspirasjon til slike. 2. desember vart portalen til Språkåret opna.

– Vi tel ned med å presentere fleste mogleg bra prosjekt. Vi presenterer eit prosjekt kvar dag, og legg ut i kalenderen, så folk skal sjå kva som skjer. Kalenderen er ikkje endeleg, vi tenkjer at folk skal kunne melde inn arrangement etter kvart, fortel Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar for Språkåret 2013.

Arrangement over heile landet

Dei ønskjer at folk over heile landet rapporterer inn lokale språkarrangement, slik at portalen kan vere ein stad å gå for å finne ut kva som skjer på språkfronten. Men om ein førebels ikkje er komne lenger enn at ein har ein god idé eller berre lyst til å ha eit arrangement, skal også portalen vere ein stad å vende seg.

– Ein skal kunne få tips om forfattarar, litterære arrangement, utøvarar og fagfolk ein kan kontakte dersom ein har lyst til å gjere noko sjølve. Målet er å generere mest mogleg aktivitet og engasjement, seier Sæterbakk, og fortel at Språkåret sine tilsette kan hjelpe til med nettopp dette.

Har kome inn meldingar

Sæterbakk fortel at det gjennom heile hausten har tikka inn fleire meldingar om komande språkarrangement i 2013.

– Fleire og fleire tek kontakt om arrangement når dei oppdagar Språkåret, seier ho.

– Vi ønskjer at flest mogleg fortel kva dei held på med, og det kan dei gjere via nettsida vår.

I tillegg til å gi oversikt over språkarrangement og gi hjelp og inspirasjon til å kome i gang med eigne arrangement, skal portalen skal også kunne vere ein stad for diskusjonar om språk.

Med opninga av portalen får Språkåret også vist fram sin nye logo: Ei turkisblå snakkeboble. Logoen er laga av firmaet Tank design i Tromsø.

– Logoen er ei snakkeboble, som vi håpar å få fylt med ytringar gjennom året. Ho er tenkt å skulle symbolisere både munnleg og skriftleg språk, fortel Sæterbakk.

Samtidig som Språkåret oppretta portalen, opna dei òg ein eigen Twitterkonto.

Opning i Kristiansand

Sjølv om kalenderen stadig er open for nye arrangement, er opningsdagen for Språkåret spikra. Han fell på 2. januar, og til Kilden teater- og kulturhus i Kristiansand. Den dagen blir både Språkåret 2013 og hundreårsjubileet til Det Norske Teatret sett i gang, 100 år etter at den første førestellinga til teatret vart spelt i Kristiansand.

– Programmet går gjennom historia til Det Norske Teatret og presenterer ulike delar av det norske språkmangfaldet. Det er eit tettpakka program på 75 minutt som byrjar å kome på plass. Det er eit positivt samarbeid mellom oss og teatret, fortel Sæterbakk.

– Gler du deg til å kome i gang?

– Ja, det er litt blanda kjensler, det er litt skummelt å skulle vise fram til folk kva ein har jobba med. Men det blir bra å kome i gang, og kjekt å få med fleire, seier Inger Johanne Sæterbakk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...