Heim Nyhende Futt i Fusa

Futt i Fusa

Trening i jobben er ikkje noko ukjent omgrep i kommunar rundt i landet. Likevel viser ei undersøking frå Synovate at verksemdsleiarar ikkje nødvendigvis har så mykje tru på at sjukefråveret går ned om ein set inn slike tiltak. I Fusa bryr dei seg lite om slike fordommar – les om kommunen som snakkar statistikkane midt i mot.

I 2010 fekk einingsleiar ved Holdhus oppvekstsenter, Håvard Ragnhildstveit, det for seg at det burde setjast i gang eit sosialt og sporty tiltak i lærarstaben. Med idrettsfagleg bakgrunn har han ei naturleg overtyding om at fysisk aktivitet aukar velveret, helsemessig og sosialt.

– Dytt.no har lenge drive med pakkeløysingar der skritt-teljarar og skjema vert selde. Dette kan ein seia lite dårleg om, men eg hadde lyst på ein meir personleg vri, ei lokal forankring, seier Ragnhildstveit. Dei delte seg opp i lag med lagkapteinar og milepålar og hadde ulike konkurransar. Dei berømte skritt-teljarane var sjølvsagt på plass. Det tiltaket var så vellukka at Ragnhildstveit tok det med på møte i arbeidsmiljøutvalet, der han er representant.

– Dagsplanen her plar vera heller tung, så kvifor ikkje få litt futt i den kommunale sektoren? Som sagt så gjort, og etter ei lita stund var 470 kommunalt tilsette klare til dyst.

Fusa i farten

Fusa er ein relativt liten kommune på kring 4000 innbyggjarar. Det finst fleire mindre einingar, men noko av poenget med eit slikt trening-i-jobben-prosjekt er å gje alle ei kjensle av at ein jobbar saman.

– Felles opplevingar medverkar til auka samhald. Tilsynelatande har fokuset vore å få folk opp av stolane for å koma i betre form, men den kanskje største biverknaden er utan tvil auka trivsel og sosialt samvere, fortset Ragnhildstveit entusiastisk.

For å halda folk oppdaterte på resultat og tilskipingar vart det oppretta ein eigen blogg, Fusa i farten. Ved siste oppføring i bloggen kan ein lesa at fusingane dei siste vekene har stått for over 200 millionar skritt, noko som medfører 7,5 millionar brende kaloriar fordelt på over 100 000 km, eller om du vil: 2,5 gongar rundt ekvator.

– Ja, det set liksom innsatsen i eit anna perspektiv når ein samanliknar han på denne måten. Me trur at prosjektet bidreg til motivasjon og kanskje ein dose kreativ galskap, seier Ragnhildstveit. Det opphavlege målet var å konkurrera ut Facebook, men prosjektleiaren medgir med eit smil at det kanskje var noko ambisiøst.

Mang slags

Apropos kreativ galskap: Ragnhildstveit fekk smaka eigen medisin då han som ein spøk trua med å ta dopingtestar. Som svar på tiltale fekk han tilsend ein haug med urinprøvar.

– Folk er forskjellige, og folk har forskjellige måtar å trimma på òg. På kommunehuset har dei fast trim samt marsjtur i lunsjpausen, på gamleheimen dansar dei polonese, medan nokre av lærarane like godt vert med elevane i gymtimen. Og det er dette som kanskje er noko av det viktigaste: ein må tenkja at det finst høve i kvardagen. Nokon parkerer eit par km frå jobben og går siste etappen. Slik kjem trimmen inn i dei daglege rutinane. Det burde eigentleg ikkje vore lov å køyra til jobben om ein bur mindre enn 2 kilometer frå han. Men igjen, folk er forskjellige, og det skal ikkje vera noko formanande over dette.

For Ragnhildstveit sjølv vert ikkje dagen betre enn når han startar med ei god økt på veg til jobb, så ein dusj og til slutt, før klokka ringer og elevane kjem ramlande, ein god kopp kaffi.

Natur og trimkultur

Med den vakre naturen i Fusa som bakteppe kan det vel vera ekstra motiverande å skulle ha seg ut på tur. Og det kjem nok bra med når kommunen har heller dårleg med treningssenter. Mangelen på dette har ikkje så stor tyding for aktivitetsnivået, meiner Ragnhildstveit.

– Tvert i mot. Ei eg kjenner i byen, klaga over kor lite trim ho fekk, fordi det var så langt å gå til treningssenteret, humrar han.

Etter Ragnhildstveit sitt syn finst det ikkje ikkje betre måte å nytta naturen på vinterstid enn ein god, lang skitur. Her blir jo den reelle bonusen opplevinga av å vera ute i naturen, samstundes som skritt-teljaren går for harde livet. Skritteljar-prosjektet vara i 8 veker, men han ser ikkje vekk frå at interessa som er sådd, vil føra til at folk faktisk ser nytten i å koma seg ut.

– I vår har det jo vore ekstra sterke naturopplevingar etter ein lang vinter. Og mennesket er ikkje skapt for å sitja i ro, det fanst ikkje datamaskiner i steinalderen, konkluderer Ragnhildstveit.

Is i magen

Åshild Bråten og Ella Marie B. Vangsnes møter friske og raske denne tidlege maidagen ved vasskanten nedanfor kommunehuset i Eikelandsosen. Dei har vore med i isbadingsgruppa sidan sist haust. Kvar tysdag og torsdag kl. 11 treffest 5-6 hardhausar til dyst.

– I dag er det jo direkte varmt, melder dei etter å ha lagt på sym utan noka nøling. På det kaldaste var det målt 0,7 ºC. Bonusen er, i tillegg til ein skikkeleg oppfriskar, at ein får føra opp heile 5 000 skritt pr isbad. Rett nok ein sjølvbestemt verdi, men eit bra triks for å lokka til seg nye badarar.

– Det er skremmande kor lite trim ein får i slike administrative stillingar som mange har i kommunesystemet, seier Vangsnes, lagleiar for kommunetunet 1 og bloggredaktør for «Fusa i farten».

– Då eg jobba som lærar, fekk me i det minste rørt litt på oss når me var på inspeksjon. Her er det snakk om å oppfordra kvarandre til å ta utskrifter på skrivaren lengst vekke for å få blodomløpet i gang, ler Helland.

Lagleiar for kommunetun 2, Åshild Bråten, seier seg einig med Helland.

– I tillegg til dei positive fysiske effektane med treninga, så har ein mykje moro og mykje å snakka om.

I det dei sit på land og tørkar seg i den fine maisola, kjem Håvard Ragnhildstveit forbi på veg til møte på kommunehuset. Han har sjølvsagt sykla dei 5 kilometrane frå Holdhus til Eikelandsosen. Fusa i farten – svuuusj!

http://fusaifarten.blogspot.com/

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...