Heim Nyhende Fylkesreform: – Møre og Romsdal kan bli åleine

Fylkesreform: – Møre og Romsdal kan bli åleine

Etter kommunereforma kjem det truleg ei fylkeskommunereform. Men medan nabofylka går sørover og nordover, kan Møre og Romsdal kome til å stå att åleine.

 

Det meiner professor og regionforskar Reidar Almås i Bygdeforsking, som har sett på framtidsutsiktene for fylkeskommunane i Noreg. Han trur mellom anna at Sogn og Fjordane kjem til å danne eit vestlandsfylke saman med Hordaland, at Rogaland slår seg saman med dei to Agderfylka, og at Nord- og Sør-Trøndelag kjem til å finne saman. Men fylkeskommunen i Møre og Romsdal vert truleg verande som han er, spår Almås.

– Det er eit fylke som allereie har store indre motsetningar. Desse vil kunne eskalere om Møre og Romsdal vert ein del av eit stort vestlandsfylke, seier Reidar Almås til Nynorsk pressekontor.

– Ingen fordel å vere liten

Saman med historiske og geografiske motsetnader, er byane i fylket ein av grunnane til at Møre og Romsdal heller kan kome til å ville stå åleine enn å sjå sørover.

– Det vil råke byregionane i Møre og Romsdal sterkt å bli slått saman med til dømes Sogn og Fjordane og Hordaland. Ålesund vil då vere i konkurranse med Bergen. I Sogn og Fjordane vil dette gå lettare då ingen av byane i fylket har det same konkurranseforholdet til Bergen, seier Almås.

Forskaren har elles lita tru på at folk i Møre og Romsdal ser på det som eit alternativ å splitte opp fylket, der til dømes Sunnmøre riv seg laus for å inngå partnarskap med Sogn og Fjordane og Hordaland.

– I politikken er det ingen fordel å vere liten. Men i valet mellom å vere ein utkant i eit stort vestlandsfylke og eit eige fylke, vil nok dei fleste i Møre og Romsdal heller stå åleine, trur Almås.

Glidande overgang

Regjeringa er allereie godt i gang med å teikne det nye kommunekartet. Etter kommunereforma er det truleg duka for ei fylkeskommunereform. Men ingen fylke vil bli tvinga til å slå seg saman med andre, meiner regionforskaren.

– Å tvinge nokon til å slå seg saman er ei sikker oppskrift på å tape eit val. Det er nok ingen parti som vil ta støyten og ofre seg for at dei andre partia skal få styre etter ei reform, seier Almås.

Han spår at trass i vallovnader frå Høgre og Frp om å avskaffe fylkeskommunen, vil det framleis vere behov for eit folkevald ledd mellom stat og kommune.

– Ei slik reform av fylkeskommunane vil ikkje bli gjennomført i ein jafs, men over tid. Men bikkepunktet er passert, det går mot ei reform, så får vi sjå kva regjeringa seier i kommuneproposisjonen som kjem til våren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....