Heim Nyhende Gjer arbeidet lettare

Gjer arbeidet lettare


Ei samla liste over nynorske læremiddel for minoritetsspråklege vil gjere arbeidet med norskundervisninga lettare, seier rektor ved vaksenopplæringa i Flora, Erik Onstad.

Vox har no samla det som finst av nynorsk materiell i ei nettliste, og sjølv om den framleis er rom for utviding, er fleire av fagområda rimeleg komplette.

– Vi ønskjer ei slik liste velkommen, seier Onstad.

I Flora får dei vel 140 elevane hans opplæring på bokmål. Det skuldast fleire ting, seier Onstad. Mellom anna tilgangen på nynorske læreverk, men òg ein tanke om at mange av asylsøkjarane etter kvart skal vekk frå kommunen og dermed ut i eit samfunn der bokmål dominerer.

– Vi brukte nynorsk ein gong i tida, men opplevde det som lite tenleg så lenge det var så lite materiell tilgjengeleg.

Alltid eit tema

At det no finst ein base med lister over alle ressursar som finst, var han ikkje klar over, men dette er han positiv til og han meiner det gjer ein skilnad. Å kunne gå ein plass og skaffe seg oversikt over det som finst, gjer det også enklare for skulen når dei eventuelt skal vurdere å bruke nynorsk i undervisninga att, meiner rektoren.

– Nynorsk er aldri eit daudt tema hjå oss, og vi er fleire her på skulen som er opptekne av det.

At det kan vere store utfordringar knytte til at innvandrarar i ein nynorskkommune lærer å bruke bokmål som skriftspråk, ser han heilt klart.

– Det er eit dilemma at barna deira lærer og bruker nynorsk, medan foreldra lærer ei anna målform, seier Onstad.

Må vurdere

Han vil likevel ikkje love at ein no går vekk frå bokmålsundervisninga, sjølv om meir nynorsk materiell er kome på bordet. Ei utfordring er til dømes at ein del vaksne som skal ta grunnskuleeksamen, gjerne har grunnutdanninga si på bokmål. Skulen er i tillegg oppteken av å drive undervisning på tvers av grupper og kull, og då meiner Onstad ein vil gjere det vanskeleg for elevane viss ein smeltar saman grupper som har lært seg ulike målformer.

 

– Men ja, vi vil stadig vurdere om vi skal byrje å bruke nynorsk att.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...