Heim Nyhende Gode råd om sidemål

Gode råd om sidemål

Sundvollen-erklæringa fortel at den nye regjeringa vil ha ei meir engasjerande sidemålsundervising. Ingen kan vere usamde i dette, så her blir det full støtte både frå målfolket og alle landets norsklærarar, skriv Torgeir Dimmen.

 

Dimmen er leiar for Nynorsksenteret og ser fram til eit godt samarbeid med den nye leiinga i Kunnskapsdepartementet for å nå dette målet.

Den nye læreplanen for norskfaget er eit godt grunnlag for betre sidemålsundervising. I formålsteksten til faget står mellom anna dette: «Det språklege mangfaldet [i Norge] er ein ressurs for barns og unges språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit bevisst forhold til språkleg mangfald og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk», skriv Dimmen i ein kommentar hjå Bergens Tidende.

Dimmen legg vekt på at skriftspråket nynorsk korkje er eksotisk eller uvanleg. Det har vore ein sjølvsagd del av norsk språk- og kulturhistorie i godt over 100 år og det er i dag bruksspråket til om lag 600 000 nordmenn.

– Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, det kan brukast over alt i norsk samfunnsliv, og det blir forstått av alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål. Det er ikkje eit framandspråk, og elevane startar på eit nivå langt over null. Med andre ord: At vi har eit mylder av dialektar, to norske skriftspråk, samisk og ein flora av gamle og nye innvandrarspråk er ikkje eit problem. Det er ein ressurs. Denne ressursen er altfor dårleg utnytta i språkundervisinga i dagens skule, skriv Dimmen.

I kronikken lanserer Dimmen tre grep for å få ei meir engasjerande sidemålsundervisning:

  • Tidleg start: Dette er det pedagogiske mantraet i mange fag i dag. Jo før ein byrjar, dess lettare og betre lærer ein den aktuelle ferdigheita.
  • Mengdetrening: Nynorske tekstar bør brukast i alle fag på alle klassetrinn, ikkje berre i utvalde norsktimar på ungdomstrinnet.
  • Lærarkompetanse: Gode læreplanar, lærebøker og læringsressursar er viktig, men aller viktigast er den kompetente og engasjerte læraren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...