Heim Nyhende Graver-nemnda får målprisen

Graver-nemnda får målprisen

Juristmållaget heidra utvalet for å laga Grunnlova på nynorsk.

Ved ei tilstelling på Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo fekk Graver-nemnda, leia av professor dr. juris Hans Petter Graver, utdelt målprisen frå Juristmållaget, for arbeidet med å laga ei offisiell utgåve av Grunnlova på nynorsk.

– Eg skjønar at det for Juristmållaget var ei storhending at Grunnlova kom på nynorsk. For oss som arbeidde med framlegga, var det ein pris i seg sjølv å bli spurt. Det er ingen av oss som angrar på dei lange arbeidsdagane og -nettene. Arbeidet var fagleg svært interessant, og det var inspirerande å arbeide så tett og intenst. Det gav oss mykje, og no endå meir, sa Graver som takka varmt for prisen på vegner av nemnda.

For Juristmållaget vert 6. mai 2014 ståande som ein av dei største dagane i historia, då Grunnlova vart vedteken på nynorsk. Årets målpris går til nemnda som utarbeidde den nynorske teksten, altså:
Professor og dekan Hans Petter Graver, juridisk fakultet Universitetet i Oslo (leiar)
Førsteamanuensis (no professor) Eirik Holmøyvik, juridisk fakultet, UiB
Rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet
Rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet
Spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, Stortingets administrasjon (no lagdommar, Borgarting lagmannsrett)

Nybrottsarbeid
Dei sette dei i gang utan frykt 31. mai 2012, på oppdrag frå Stortinget. Det var eit vanskeleg, men ærefullt oppdrag dei fekk. Dei skulle skriva Grunnlova på ny utan å endra meiningsinnhaldet, på moderne bokmål og moderne nynorsk. Litt hjelp fekk dei av tidlegare omsetjingar av Grunnlova, mellom anna frå omsetjinga Nikolaus Gjelsvik stod bak i 1901. Likevel var det eit stort nybrottsarbeid dei leverte frå seg til Stortinget alt 17. september 2012.

Grunnen til at dei fekk så lite tid på seg, var regelen om endringar av Grunnlova, som seier at eit framlegg om endring må setjast fram for eitt storting, og vedtakast av nytt storting etter at det er halde stortingsval. For å få vedteke ei ny grunnlov i tide til grunnlovsjubileet i 2014, var det difor naudsynt at framlegget vart lagt fram for Stortinget før og etter valet i 2013.

Parlamentarisk spel
Utvalet la seg på eit enkelt og direkte språk. «Ytringsfrihet bør finne sted» vart til «Ytringsfridom skal det vere». «Hus-Inkvisitioner maa ikke finde Sted, uden i kriminelle. Tilfælde» vart til «det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle». «Ingen personlige, eller blandede, arvelige Forrettigheder maa tilstaaes Nogen for Eftertiden» vart til «Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.»

Då utvalet hadde gjort sitt, var det opp til Stortinget å ta framlegget inn i Grunnlova. Det vart nokre nervepirrande maidagar i 2014, då det ut frå innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen såg ut til at framlegga ikkje ville få det naudsynte to-tredjedels fleirtalet. Likevel enda diskusjonar og parlamentarisk spel med at Stortinget nesten samrøystes 6. mai 2014 vedtok framlegget frå utvalet til nynorskutgåve. Samstundes vedtok Stortinget ei meir forsiktig modernisering av bokmålsutgåva, ut frå eit framlegg utarbeidd av professor Vinje.

– Årets målprisvinnarar har sett spor etter seg som vil bli ståande i hundrevis av år. På kort tid gjorde dei eit grundig arbeid som det verkeleg står respekt av, heiter det frå juryen.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...