Heim Nyhende Har laga nasjonal strategi for privatarkiv

Har laga nasjonal strategi for privatarkiv

Ein eigen privatarkivstrategi frå Riksantikvaren skal sikre at arkivmateriale frå privat sektor blir vareteke i større grad enn i dag.

 

Ifølgje Arkivverket skjer det i dag unntaksvis at historiske arkiv oppretta i privat sektor, som organisasjonar, verksemder, institusjonar og enkeltpersonar, blir bevart. Fylkesarkivsjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune Arnt Ola Fidjestøl er ein av dei som har bidrege til den nye strategien.

– For meg er det viktigaste at det faktisk no ligg føre ein overordna nasjonal strategi, og at ikkje det tilfeldige er bestemmande for korleis Noreg som samfunn blir dokumentert. Ein får aldri ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon, dersom for eksempel økonomi og lokalt initiativ og lokale interesser aleine skal vere bestemmande for kva som blir teke vare på, seier Fidjestøl, og viser til at den nasjonale strategien skal samordne, supplere og stimulere det arbeidet som blir gjort lokalt og regionalt.

I samarbeid med fylkeskommunane har staten utnemnt fylkeskoordinerande institusjonar for privatarkiv-arbeidet, men det er Riksarkivaren som har det overordna ansvaret. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....