Heim Nyhende – Høgskulane er avgjerande for næringslivet

– Høgskulane er avgjerande for næringslivet

Regionleiar i NHO Møre og Romsdal trur det hadde vorte vanskelegare å lokke kompetent arbeidskraft til fylket utan høgskulane.

 

Heile 70 prosent av studentar som studerer på Vestlandet arbeider i regionen to år etter fullført utdanning, syner ein rapport utarbeidd ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

LES OGSÅ: – Sannsynleg med færre høgskular 

Viktig verkty
Rapporten «Høgskolenes betydning for regional rekruttering til næringsrettede profesjonsyrker» vart omtala av Forsking.no tidlegare denne veka.

Forskarane har teke for seg flyttemønsteret til tidlegare studentar ved høgskulane på Vestlandet – i tillegg til Universitetet i Stavanger og Høgskulen i Oslo og Akershus – etter fullført utdanning.

Studien ser spesielt på næringsretta utdanningar – økonomiske og administrative fag, teknologi og ingeniørutdanningar, biologiutdanningar, logistikkfag, maritime fag og mediefag.

Konklusjonen er at utdanningsinstutisjonane på Vestlandet er viktige for rekrutteringa til næringslivet i regionen.

Samanslåingsspørsmål
Den konklusjonen er regionleiar i NHO Møre og Romsdal Torill Ytreberg heilt einig i.

– Å ha eit sterkt høgskulemiljø er heilt avgjerande for næringslivet, slår Ytreberg fast.

Møre og Romsdal er eit fylke med tre ulike høgskular, som i liten grad har overlappande utdanningar.

Høgskulen i Volda har spesialisert seg på mediefag, i tillegg til lærarutdanningar, barnevernspedagogar og andre utdanningar, som gjerne vert trong for i det offentlege.

Høgskulen i Ålesund har spesialisert seg innan maritim og marin teknologi og innovasjon, medan Høgskulen i Molde lokkar til seg studentar innan økonomi, administrasjon og logistikk retta mot oljenæringa.

Det har gått ein diskusjon om desse skulane skal slåast saman til ein skule, med spreidd campus. Eit forslag som skulane sjølv er imot, men som NHO Møre og Romsdal støttar.

– Dei vert for små finansieringsmessig. Me vil ikkje at det skal verte universitet, men eit sterkt høgskulemiljø, forklarar Ytreberg.

LES OGSÅ: Lærarstudentar vert verande 

Næringslivssamarbeid
Are Turmo, avdelingsdirektør for kompetanse i NHO sentralt, trur ikkje at ein skal ta for gitt at flyttemønsteret vert det same som i dag, om høgskulane spissar tilbodet sitt.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har varsla at det mest sannsynleg vert færre høgskular i Noreg. NHO-leiar Kristin Skogen Lund og leiar i Norsk studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje, har òg sagt at dei gjerne vil at skulane skal ha færre studietilbod og heller spesialisere seg.

– Det statsråden har sagt, er at kvalitet er viktigare enn kvantitet når det gjeld utdanning. Det støttar me i NHO. Skulane må finne ut kva området er godt på, i nært samarbeid med regionalt næringsliv. Det har me gode døme på, mellom anna med Node-klyngja på Sørlandet og den maritime-klyngja, som samarbeider tett med Høgskulen i Ålesund. Me hadde gjerne sett at større delar av sektoren tok etter desse, seier Turmo.

For NHO er det eit viktig poeng at folk utdannar seg riktig i forhold til etterspurnaden frå arbeidslivet.

I Stortingsmeldinga «Utdanningslinja» frå 2008-2009 fekk universitet og høgskular beskjed om å oppretta Råd om samarbeid med arbeidslivet, gjerne forkorta RSA. Tanken var å gjera høgare utdanning meir praksisretta og betre retta mot behova i arbeidslivet. I 2012 oppretta høgskulane i Møre og Romsdal, i fellesskap med næringslivet i fylket, eit slikt råd.

LES OGSÅ: Vestlandet vinn kampen om studentane 

Treng fagbrev
Dei fleste av studentane i Møre og Romsdal kjem frå same eller omkringliggjande fylker. Nokre kjem òg lenger vekke ifrå og skulane har aukande søkjartal.

– Bedriftene er veldig på hogget og er tidleg ute med å tilby studentane jobb, seier Ytreberg, som trur det hadde vorte vanskelegare å lokke folk til regionen dersom dei ikkje hadde studert ved høgskulane.

Sunnmørsbedrifter som Vard, Ulstein Group, Kleven og Rolls-Royce, nyt godt av Høgskulen i Ålesund, medan Shell og Vestbase i Kristiansund kan sjå til Molde for arbeidskraft.

Å gjere seg attraktiv for andre enn lokale studentar, er sjølvsagt noko fylket òg jobbar med.

I Møre og Romsdal har dei, i likskap med ein av tre spurde medlemsbedrifter i NHO, stor trong for fagarbeidarar i framtida. I tillegg er det framleis trong for ingeniørar.

– Det går bra i næringslivet her og det er mange spanande høgteknologiske jobbar å få, lokkar Ytreberg.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...