Heim Nyhende Hornindal: – Har bruk for to skriftspråk

Hornindal: – Har bruk for to skriftspråk

Ordførar i Hornindal kommune, Anne-Britt Øen Nygård (Sp), meiner nynorsken står sterkt i kommunen.

Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein

av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Hornindal

Nytt frå Hornindal:
Finn ikkje Kvivsvegen
Ønskjer å bruke Volda

Aktuelle lenker:

Hornindal kommune 
Flickr
Fjordingen 

 

 

 

Nygård skildrar kommunen som ein stad med mange gardsbruk og små bustadfelt som ligg mellom urørt natur og bratte fjell. Ho fortel om eit næringsliv der treforedling, turisme og andre kulturbaserte næringar skil seg ut. I tillegg er Hornindalsvatnet godt kjent som Europa sin djupaste innsjø, med 514 meter. 

Og skulpturkunstnaren Anders Svor har eige museum her, seier ordføraren stolt
Trass i eit stabilt folketal på 1223 innbyggjarar har også Hornindal sine utfordringar.
– Me må klare å auke folketalet ute i distriktskommunen vår. Kommunen må kunne leggje til rette for god kvalitet i tenestene, både innan barnehage, skule og helse/omsorg. Det å få fart på næringslivet og bustadbygging er også viktige mål, slår Anne-Britt Øen Nygård fast.

Viktig med nynorsk
Kva er forholdet ditt til språk?
For meg er det heilt naturleg å skrive nynorsk. Det er nynorsken som ligg talemålet mitt nærast. Eg er ikkje i tvil om at me framleis har bruk for to skriftspråk i Noreg.
Ordføraren meiner nynorsken har ein god posisjon i Hornindal kommune, kanskje aller mest sidan det er morsmålet.
– Det er viktig å arbeide for at me skal ha nynorsken med oss i framtida på lik linje med bokmål.
Å vere ordførar i Hornindal kommune er ikkje ein enkel jobb. Nygård arbeider 80 prosent som ordførar og ein dag i veka på skattekontoret i kommunen.
– Å vere ordførar er ein spanande og innhaldsrik jobb. Eg har hatt mange fine opplevingar i lag med innbyggjarane og andre nettverk i og utanfor kommunen.

Økonomiske utfordringar
Kommuneøkonomien i Hornindal har i følgje ordføraren vore sunn og stabil fram til no. I 2012 har kommunen gjennomført mange kostbare investeringar, noko som kan gje utfordringar.
Største investeringa var fleirbrukshallen på 53 millionar kroner. I tillegg har me auka rammetimetalet i skulen og tilsett fleire i helse- og omsorgsektoren, seier ordføraren.
Kommunen har også erfart at innføringa av samhandlingsreforma i helsesektoren vert kostbar.
Staten må overføre meir midlar ned til kommunalt nivå for at desse oppgåvene skal bli enklare å takle. Den økonomiske situasjonen vart ikkje betre då statsbudsjettet 2013 vart lagt fram. Der taper små kommunar som ikkje klarer å ha same gjennomsnittlege folketilvekst som resten av landet har, seier Nygård.

Opnar ei ny dør
Kva er det største som har skjedd kommunen det siste året?
Opning av E-39, Kvivsvegen, var ein stor dag for Hornindal. Ei heilt ny hovudåre mellom
Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal opna seg ved bygginga av ein ny tunnel gjennom fjellet, seier ordføraren.
For kommunen Hornindal vil denne nye vegen bety mykje, ikkje minst blir det opna ein heilt ny bu- og arbeidsmarknad med omlag 70 000 innbyggjarar. Ordføraren er særs glad for at innbyggjarane kan nå ein mykje breiare jobbmarknad enn før. Ho ser òg gjerne at fleire vel å busetje seg i Hornindal.
– Eg ynskjer at folk skal oppdage kor flott kommunen me bur i, er, og kome for å busetje seg her. Naturen vår gjev særs gode høve til eit aktivt friluftsliv sommar som vinter i skog, mark, fjell og på vatn. Det er også eit mål at næringslivet i bygda skal bli både større og breiare enn i dag.

Førre artikkelFalturiltu er i gang
Neste artikkelVegen opnar nye dører

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...