Heim Nyhende Huitfeldt beklagar Språkråd-bråk

Huitfeldt beklagar Språkråd-bråk


(NPK-Tone Gullaksen): Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) beklagar at fire styremedlemmer i Språkrådet går i protest mot handtering av tilsetjinga av ny direktør.

Styreleiar Magni Øvrebotten og tre styremedlemmer trekkjer seg etter eit møte med statsråden torsdag, der Huitfeldt gjorde det klart at ho ville lyse ut direktørstillinga på nytt etter nyttår.

– Eg skjemst over heile prosessen med tilsetjinga av ny direktør i Språkrådet, seier styreleiar Magni Øvrebotten.

– Eg tykkjer det er ei respektlaus behandling av dei som har søkt på stillinga. Me hadde innstilt retorikkprofessor Kjell Lars Berge. I tillegg hadde fleire andre søkt på stillinga, seier ho.

I tillegg til Øvrebotten trekkjer Tor Fuglevik, Jan Ove Fretland og Silje Solheim Karlsen seg. I august sa også dåverande styreleiar Ida Berntsen takk for seg. Dei som no sit att i styret er Ottar Grepstad, Jan Hoel og Helene Uri.

Ingen diskvalifisert

Kulturminister Anniken Huitfeldt seier at ho tek det Øvrebotten har sagt til etterretning.

– Eg tykkjer det er beklageleg at fire av sju medlemmer i styret har valt å trekkje seg. Dei har vore involvert i denne prosessen heile vegen. Og me har hatt ulike meiningar, seier Huitfeldt til Nynorsk pressekontor.

Språkrådet har tidlegare tilrådd tilsetjing av retorikkprofessor Kjell Lars Berge, og det har vore fleire andre kandidatar til stillinga som direktør etter Sylfest Lomheim som gjekk av i august.

Det har kome påstandar om at Huitfeldt personleg ikkje har interesse av at Kjell Lars Berge skal bli tilsett i stillinga, fordi han i mars kritiserte henne for ikkje å redde den nettbaserte utgåva av Store norske leksikon. Huitfeldt seier dette ikkje er tilfelle.

– Ingen som søkjer ei stilling eg skal vurdere, blir diskvalifisert av å kritisere meg. Anne Aasheim, som i dag vart utnemnt til ny direktør for Kulturrådet, har til dømes kritisert meg fleire gonger på leiarplass, seier Huitfeldt til Nynorsk pressekontor.

Departementet avgjer

Utover dette ønskjer ho ikkje å kommentere søkjarlista eller kvalifikasjonane til søkjarane.

– Det passar seg ikkje i ein pågåande prosess, seier Huitfeldt og viser til pressemeldinga som vart sendt ut tidleg fredag ettermiddag.

Stillinga blir utlyst på nytt etter nyttår, og Huitfeldt understrekar at tilsetjinga av ny direktør er opp til departementet. Styret har ikkje formelt nokon innstillingsrett, men har høve til å uttale seg.

Øvrebotten strekar under at det sitjande styret vart bedt om å sitje eitt år ekstra for å finne nye kandidatar til direktørstillinga.

– Me skulle sitje eit ekstra år for å gi råd i saka, men til inga nytte, seier Øvrebotten.

Dei avgåtte styremedlemmene vil i eit brev til Kulturdepartementet forklare kvifor dei trekkjer seg.

– Det var eit heftig møte torsdag. Dette er den einaste reaksjonen me kan kome med for å vise misnøya vår, seier Øvrebotten.

– Ikkje optimalt

Tidlegare direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet er tydeleg på at han ikkje tykkjer situasjonen er optimal.

– Det er synd at situasjonen har ført til at fire av sju medlemmar har trekt seg, seier han til Nynorsk pressekontor, men vil ikkje kommentere prosessen meir inngåande.

Lomheim meiner det er vanskeleg å vurdere korleis dette vil påverke omdømmet til Språkrådet.

– Det er vanskeleg å seie noko om. Men det er klart at det som ikkje flaskar seg, ikkje er bra for verken departementet eller for Språkrådet.

Til etterretning

Fungerande direktør i Språkrådet Sigfrid Tvitekkja vil ikkje kommentere prosessen rundt tilsetjinga.

– Eg tek beskjeden om at dei fire har trekt seg til etterretning, seier Tvitekkja.

Ho seier ho rettar seg etter departementet i den vidare prosessen.

– Det daglege arbeidet i Språkrådet held fram. Eg ventar på kva departementet vil gjere i saka.

Ho ønskjer ikkje å svare på kva dette gjer med omdømmet til Språkrådet.

– Det har eg ingen kommentar til. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...