Heim Nyhende – Ingen store retorikarar

– Ingen store retorikarar

Ingen norske politikarar kan måle seg med dei amerikanske når det gjeld retorikk. Den beste av dei norske er truleg Jonas Gahr Støre (Ap), meiner politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle.

Stanghelle budde sjølv i USA i heile fjor haust og opplevde det amerikanske presidentvalet på nært hald. Dette var valkampen der mange meiner det vart skapt ny interesse for politisk retorikk, ikkje minst på grunn av president Barack Obama sin talekunst.

 

– Kontrasten mellom dei amerikanske og dei norske politikarane er stor. I USA såg eg retorikk på sitt aller beste, meiner Stanghelle og viser til at det i norsk politikk derimot er langt mellom dei store retorikarane.

– Men ein skal også minnast at land som USA har retorikk som eige skulefag og dermed eit heilt anna fokus på det. Det finst likevel retorikk på det jamne også i USA. Til dømes er demokratane sin senatsleiar, Harry Reid, ein retorisk tørrpinn.

– Støre er replikksterk

– To ting særpregar ofte norske debattar. For det første vert det ofte brukt eit språk som er prega av forvaltningsdokument. For det andre vert det ofte gjort forsøk på å bruke politiske skjellsord, slår Harald Stanghelle fast.

– Men det skal vere sagt at det så langt i denne valkampen har vore innanfor det ein må tåle i ein debatt, held han fram.

– Kva kjenneteiknar ein god retorikar?

– Me har nokre politikarar som til tider er gode på å ytre seg i korte setningar og kjappe replikkar. Lars Sponheim (V), Kristin Halvorsen (SV) og Siv Jensen (FrP) er nokre av dei. Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) kan også glimte til.

– Men den politikaren som truleg liknar mest på dei utanlandske, er Jonas Gahr Støre (Ap). Nesten kvar setning han uttaler, kan setjast rett ned på eit papir; han bruker nesten alltid heilskapte setningar, seier Stanghelle.

Etterlyser ekte språk

Stanghelle meiner språk er viktig som retorisk verkemiddel, men han trur ikkje det er avgjerande om ein bruker nynorsk, bokmål eller dialekt.

– Men eg meiner det er viktig å føre eit språk som er ekte. Lars Sponheim (V) til dømes er både replikksterk og god, men han knotar noko heilt forferdeleg. Liv Signe Navarsete (Sp) bruker derimot ein flott nynorsk, som er sterkt prega av dialekt, seier Stanghelle.

Språket er altså viktig i retorikken, blant anna kva ord ein bruker.

– Ordvalet er viktig. Ikkje minst fordi ord og vendingar ofte er knytte til det einskilde partiet sine kjerneverdiar, som når KrF snakkar om nestekjærleik, Arbeidarpartiet om fellesskap og Høgre om valfridom.

– Kva med kunsten å vedgå feil, er det viktig for ein politikar?

– Det kan vere viktig, men det ligg ingen automatikk i dette. Å vedgå feil kan signalisere ærlegdom, men å erkjenne feil gong på gong signaliserer ein politikar med dårleg dømmekraft, meiner Stanghelle.

– Kva inntrykk har du av dei norske politikarane i sosiale medium som Facebook og Twitter?

– Av og til ser det ut som om mange av dei har pressa seg ut i noko dei ikkje taklar. Det ser ofte litt famlande og hjelpelaust ut. Mange føler nok at dei må vere til stades i desse kanalane, meiner han.

FAKTA: RETORIKK
Retorikk er læra om talekunst. I moderne tid er retorikken ofte blitt definert som læra om å overtale nokon. Retorikk er ein av de tre originale kunstene i vestlig kultur. Retorikk kan også bli brukt nedlatande i nokre samanhengar, når ein til dømes vil avvise eit verbalt resonnement.

Les meir: politiskretorikk.no
Kjelde: Wikipedia

Førre artikkelValkamp på nettet
Neste artikkelFaktasjekk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...