Heim Nyhende Inntil 5,3 milliardar meir til kommunane i 2018

Inntil 5,3 milliardar meir til kommunane i 2018

Regjeringa legg opp til ein reell vekst i kommuneinntektene på mellom 4,3 og 5,3 milliardar kroner i 2018.

 

Det kjem fram i kommuneproposisjonen for neste år, som vart lagt fram samtidig med revidert nasjonalbudsjett torsdag.

– Vi sikrar kommunane ein god og føreseieleg økonomisk vekst også i 2018. Gjennom heile denne stortingsperioden har kommunane fått auka rammer, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

– Veksten i kommuneøkonomien har vore klart høgare med Høgre og borgarleg styre enn den var under åtte år med raudgrønt styre.

Kva regjeringa til slutt landar på, blir først klart når statsbudsjettet for 2018 blir lagt fram i oktober.

Rus, skule og helse

Det blir lagt opp til at veksten i dei såkalla frie inntektene, pengar som ikkje er øyremerkte, skal bli på mellom 3,8 og 4,3 milliardar kroner neste år.

Men det blir lagt klare føringar på ein god pott av desse pengane: Regjeringa har lagt inn 300 millionar for å styrke rusomsorga, 200 millionar til tidleg innsats i barnehage og skule og ein tilsvarande sum til førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar.

Sanner seier regjeringa ønskjer minst mogleg øyremerking, men legg til at det er eit klart mål at kommunane skal prioritere desse områda over tid.

– Noko anna ville vore veldig uklokt. Dersom kommunane ser bort frå føringane, risikerer ein at staten tar sterkare føringsgrep seinare, konstaterer statsråden.

– Færre fattige kommunar

Sanner meiner regjeringa har skapt ein sunn kommuneøkonomi dei siste åra. Han viser til at stadig færre kommunar er å finne på den såkalla Robek-lista. Kommunane på denne lista blir sett under ei form for statleg administrasjon.

– Talet på kommunar på Robek-listen vil no til sommaren bli det lågaste nokosinne. Det har lege på omkring 50 kommunar, men frå sommaren vil rundt 30 kommunar stå på lista, seier statsråden.

Av proposisjonen går det også fram at fylkeskommunane får 300 millionar av veksten i frie inntekter. Regjeringa foreslår at 100 millionar skal gå til ei særskilt fordeling til ferjefylka.

Storbytilskot

Sanner forventar også at kommunane fornyar seg og effektiviserer drifta, men peikar på at det ikkje er stilt krav om dette.

Dersom kommunane effektiviserer 0,5 prosent i 2018, vil det utgjere 1,2 milliardar kroner, ifølgje departementet.

2018 blir også det første året Kristiansand får storbytilskot. Det skjer i samband med at kommunen blir slått saman med Søgne og Songdalen.

Tilskotet blir på 33 millionar i 2018, men blir auka til over 40 millionar i 2020.

– Kristiansand har i mange år hatt eit sterkt ønske om å komme på denne lista. Med samanslåinga er tida inne for å få storbytilskot, seier Sanner.

Frå før har Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger storbytilskot.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...