Heim Nyhende – Ivar Aasen hadde mest sannsynleg bollesveis heile livet

– Ivar Aasen hadde mest sannsynleg bollesveis heile livet

Synnøve Marie Sætre (27) er nytilsett formidlar i Ivar Aasen-tunet.

Synnøve Marie Sætre (27), kjent for trufaste Framtida.no-lesarar som tidlegare leiar i Norsk Målungdom, er tilsett som ny formidlar i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Det tyder mellom anna at ho skal fortelja born, vaksne og turistar om reisene og fottøyet til Ivar Aasens, og om skriftspråket han skapte.

Sætre kjem sjølv frå Ørsta, men har budd mange år i Oslo og utdanna seg til lektor med vekt på historie, nordisk og pedagogikk. No held ho på med ein mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda for å toppa heile kransekaka.

Me ringer Sætre, som har vore i gang med formidlarjobben i ei veke alt.

Moteikonet

– Gratulerer med ny jobb! Er dette drøymejobben?

– Takk! Ja, det er absolutt ein jobb som er midt i blinken.

– Kva er din topp 1 morofakta om Ivar Aasen?

– Det må bli bollesveisen; at han mest sannsynleg hadde bollesveis heile livet. Me veit ikkje sikkert akkurat korleis han såg ut, men ut frå dei skildringane verkar det slik. Moteikonet Ivar Aasen.

– Kult! Kva er din topp 1 morofakta om nynorsk?

– Det er litt artig at nynorsken og målsaka har gjort at ein statsminister måtte gå av. Han heitte Wollert Konow, og heldt ein tale for ungdomslaget der han talte for nynorsk. Det vart litt i overkant for Høgre-folka i regjeringa.

Ikkje noko giftarmål

– Kva er det vanlegaste spørsmålet du får når du har omvisingar?

– Folk har lurt på Aasen sitt personlege liv, og kjærleikslivet hans. Det er også mange som er imponerte av reiseverksemda hans og lurer på korleis det var mogleg.

– Kva svarer du då?

– Om kjærleikslivet er det ikkje så mykje me veit. Han var forlova med Berte (Paulsdotter Vike, journ.mrk.), men det skar seg av ein eller annan grunn, så det blei ikkje noko giftarmål. Det er kanskje like greitt, så han fekk tid til all reisinga.

– Det blir sagt at han fridde tre gonger og fekk nei tre gonger, men det veit me eigentleg ikkje.

Kino, folk og trikk

– Du har flytta til bygda; kva kjem du til å sakna i Oslo?

– Eg kjem til å sakna kinotilbodet, i alle fall. Og folk, så klart; det er rart å flytta frå heile det sosiale nettverket sitt. Og trikken. Det er nok dei tre tinga eg saknar mest.

– Kjem du til å sakna hyggetyranniet?

– Kva, finst det eit hyggetyranni?

– Agnes Ravatn meiner det.

– Åja, det veit eg ikkje. Eg trur ikkje eg kan svara på det.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...