Heim Nyhende Kjersti Kleven årets verdiskapar

Kjersti Kleven årets verdiskapar

Innovasjon Noreg har gjeve heidersprisen årets verdiskapar til Kjersti Kleven, deleigar og styreleiar i Kleven Verft og Kleven Maritime.

 

Prisen vart delt ut av næringsminister Monica Mæland under Signalkonferansen tysdag kveld.

– Med bakgrunn i sin posisjon, kunnskap, engasjement og personlegdom framstår vinnaren som ein god rollemodell for andre. Årets verdiskapar er visjonær, handlekraftig, har stort nettverk og har bygt opp store økonomiske verdiar for si bedrift, sa Mæland.

Sidan familien kjøpte Kleven Verft tilbake frå Kværner i 2000, har Kjersti Kleven bidrege til å snu resultata i bedrifta og har fått ein sterk posisjon innan næringslivet gjennom nettverk og styreverv. Kleven har satsa på ny teknologi og robotisering for å ta tilbake delar av produksjonen som tidlegare var flagga ut av Noreg, heiter det i ei pressemelding frå Innovasjon Noreg. 

I tillegg til å vere deleigar og styreleiar i Kleven Maritime AS og Kleven Verft AS er Kjersti Kleven styreleiar og styremedlem i elleve andre selskap, inkludert styreleiar i Norsk Industri frå juni 2013.

Under Signalkonferansen vart også Coldwater Prawns of Norway i Ålesund kåra til årets bedrift. Green Tech marine frå Vest-Agder vart årets gründer, og Sintef Raufoss Manufacturing og Vestre Toten kommune vann prisen for årets innovasjonsmiljø. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...