Heim Nyhende Kommunane slurvar med innkjøpsutlysing

Kommunane slurvar med innkjøpsutlysing

Opptil 60 prosent av kommunale innkjøp på over ein halv million kroner blir ikkje lyste ut slik dei skal, viser reknestykke som er gjort ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Så mange som 29 kommunar hadde over ein toårsperiode ikkje ei einaste kunngjering på databasen for offentlege innkjøp Doffin, går det fram av ei utgreiing som professor Luitzen de Boer og postdoktor Ottar Michelsen ved NTNU har gjort på oppdrag for NHO. Dei to har studert bruken av Doffin før og etter den nasjonale terskelverdien for utlysing av offentlege innkjøp vart heva til EU-nivået på 500.000 kroner i september 2005, frå tidlegare 200.000 kroner.

I seks av ti kommunar gjekk talet på utlysingar ned etter terskelhevinga. Ein av fire hadde ein auke, medan ein av seks hadde like mange utlysingar som før. Utlysingstalet gjekk i snitt ned med 2,2 per kommune, og med 4,6 når dei minste kommunane er trekte ifrå.

– Ei så stor spreiing indikerer at det er lite truleg at alle kommunane følgjer regelverket, skriv forskarane i rapporten sin. Dei peikar på at Riksrevisjonen i 2006-revisjonen avdekte at statlege etatar i svært mange tilfelle bryt innkjøpsregelverket.

– Det er ingen grunn til å tru at situasjonen er vesentleg betre i kommunar og fylkeskommunar der kompetansenivået sannsynlegvis ikkje er høgare enn i dei statlege etatane, konkluderer forskarane.

Etter reknestykka til de Boer og Michelsen blir mellom 30 og 60 prosent av innkjøpa som kommunane etter regelverket skal lyse ut, ikkje offentleggjorde. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Molde vidaregåande har teke nokre...

Inviterer til å tolke Dolly og Johnny på nynorsk eller dialekt

Dolly Parton og Johnny Cash på nynorsk eller dialekt. No blir ein ny gjendiktingskonkurranse kunngjort. Inspirert av suksessen med å be om slike tolkingar av...

Fleirtal for nynorsk i Telemarkskommune

Etter ei rådgivande folkerøysting i Hjartdal går eit fleirtal inn for å behalde nynorsk som hovudmål på offentleg skule i kommunen. Nynorsk fekk 189 stemmer,...