Heim Nyhende Krev meir nynorsk

Krev meir nynorsk


Samferdsledepartementet krev no at NSB også skriv nynorsk på nettsidene sine.

For eit år sidan hadde LNK-avisa ei sak om at NSB berre hadde nettsider på bokmål. Dette trass i vedtektene til NSB, som seier at prinsippa i målbrukslova skal følgjast ved kunderetta informasjon. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) uttalte i fjor til LNK-avisa at departementet ville gå gjennom praktiseringa av målbrukslova i NSB. Ho understreka at nettsider berre på bokmål var manglande respekt for nynorskbrukarane som også nytta seg av NSB sine tilbod.

Viktig med nynorsk

Politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard, seier at departementet det siste året har sett på målbruken i både NSB, Posten Norge AS og Avinor. Departementet er no i ferd med å sende ut eit brev til selskapa der dei skisserer kva dei ventar seg i framtida i høve målbruk.

Når det gjeld NSB, er det klart at den viktigaste kunderetta informasjonen også må finnast på nynorsk. Det betyr også at dei må ha nynorsk på nettsidene, slår Handegard fast.

Ho legg til at dette har vore eit tema på eigarmøte i selskapet, og reknar no med at NSB vil ta det samfunnsansvaret som eigarane pålegg dei.

Lovar betring

Kommunikasjonsdirektør i NSB, Wenche Rasch, viser også til vedtektene, der det står at prinsippa i målbrukslova skal følgjast i kunderetta informasjon. Ho slår fast at NSB no ynskjer å bruke begge målformer meir aktivt på nett.

Praksis i dag er at NSB lagar ruteinformasjon og liknande på nynorsk for dei deler av rutenettet der dette er naturleg. I løpet av våren vil det kome ein ny og endra versjon av nsb sine nettsider. I samband med det vil me publisere meir på nynorsk enn det som er praksis i dag, lovar Rasch.

Førre artikkelAlltid i endring
Neste artikkelStyrk fagmiljøa

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...