Heim Nyhende KrF trur på kommunesemje i februar

KrF trur på kommunesemje i februar

Dei fire borgarlege partia slit med å bli einige om kommunereforma, men KrFs forhandlar Geir Toskedal trur på ei løysing denne månaden. 

Forhandlingane mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti om kommune- og fylkessamanslåingar drar ut. Ei løysing var venta allereie denne veka, men dei siste signala er at partane treng meir tid.

– Vi håpar på ei snarleg løysing, men det er store reformer som krev både at vi er grundige og at det er størst mogleg semje, skriv KrFs forhandlar Geir Toskedal i ei tekstmelding til NTB.

Toskedal seier han trur partane vil kunne presentere ein samla avtale for både kommune – og regionalreform før februar er omme.

– Alle fire partia er framleis i samtalar. Vi har gode og konstruktive møte, men vi er ikkje i mål enno, skriv Frps forhandlar og leiar i Stortingets kommunalkomité Helge André Njåstad i ei tekstmelding.

– Truar med regionreform

KrFs motvilje mot å bruke tvang for å slå saman kommunar er hovudutfordringa i forhandlingane. Både i stortingsgruppa og blant ordførarane til partiet er synet svært splitta på spørsmålet om tvang. Dei tre andre borgarlege partia går derimot inn for tvang i enkelttilfelle. Etter det NRK erfarer skal partane konkret diskutere rundt ti tvangssamanslåingar.

Kommunane Søgne, Haram, Fet, Lindesnes, Hjelmeland, Evenes, Vikna, Leka, Spydeberg, Torsken og Berg er blant kommunane som kan bli tvangssamanslåtte, ifølgje TV-kanalen.

Ifølgje NRK kan Frp komme til å trekke støtta til ei regionreform, dersom KrF nektar å gå med på tvangssamanslåingar av kommunar. Både Frp og Høgre meiner eigentleg at to forvaltningsnivå – stat og kommune – er nok, men samarbeidspartia KrF og Venstre nektar å kvitte seg med fylkeskommunane. Kompromisset vart ein regionreform som har som mål å redusere dei 19 fylka til rundt ti regionar.

– Udemokratisk

Senterpartiet (Sp) er svært kritisk til forhandlingane som går føre seg.

– Då Høgre og Frp kom i regjering i 2013 vart det sagt at forhandlingar om politiske løysingar ville bli flytta frå lukka rom og inn i ein open dialog med Stortinget. Akkurat no sit Høgre, Frp, KrF og Venstre bak lukka dører ein eller anna stad og skal bestemme seg for kva kommunar og fylke som skal tvangssamanslåast. Dette er ikkje ein open og demokratisk prosess, seier Sps kommunalpolitiske talskvinne Heidi Greni til NTB.

Senterpartiet meiner at hemmelege forhandlingar går føre seg ikkje berre på Stortinget, men også med partifellar rundt om i landet.

– Regjeringa må avklare kva faglege kriterium dei fire partia arbeider etter når dei skal avgjere kven som skal slåast saman med tvang. Eller er det slik at tvangssamanslåingar skal avgjerast av politisk hestehandel, spør Greni.

Sp har gjort det klart at dei vil innvilge skilsmisse til eventuelle tvangssamanslåtte kommunar dersom dei kjem i regjering etter valet til hausten.

Fakta om kommunereforma

* Målet med kommunereforma er å redusere talet på kommunar frå 428 i dag og flytte meir makt og ansvar til større kommunar.
* Reforma er basert på fri vilje, men det blir opna for tvang i spesielle tilfelle.
* Våren 2017 skal regjeringa legge fram sin proposisjon om kommunestruktur. Deretter skal den behandlast i Stortinget.
* Regjeringa ønsker også å slå saman dei 19 fylka vi har i dag til rundt ti regionar.
* Forhandlingar går føre seg i desse dagar mellom dei fire borgarlege partia om både kommune- og regionreforma.
* Dei nye kommunane og regionane skal etter planen vere på plass innan 1. januar 2020.

(©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...