Tonje Madsen og fem andre jenter ved Bryne vgs vann Mot til å meina sin russekonkurranse om politisk engasjement.
Prosjektet Mot til å meina vil kjøpe annonseplass på to russebilar til ein verdi av 5.000 og 10.000 kroner. For å vinne måtte elevane kome opp med gode idear til korleis ein kan auke det politiske engasjementet blant ungdom. Det kom totalt inn fem bidrag frå dei vidaregåande skulane, Sauda vgs, Bryne vgs og Strand vgs.
– Fortel oss kva partia meiner om det me interesserer oss for, heiter det i vinnarbidraget.
Nasjonalt Garborgsenter på Bryne gjennomfører pilotprosjektet Mot til å meina saman med Kommunal – og regionaldepartementet og kommunane Sauda, Time og Hjelmeland. Hovumålet er å auke talet på unge listekandidatar til neste lokal – og fylkestingsval, og få fleire unge til å nytte røysteretten sin.
Les meir om prosjektet og vinnarbidraget her.