Heim Nyhende Kyrkjelyd takka nei til nynorsk kunst

Kyrkjelyd takka nei til nynorsk kunst

Forfattaren Paal-Helge Haugen er éin av dei fremste lyrikarane i Noreg, men dei nynorske tekstane hans blei for sterk kost for Bøler kyrkjelyd i Oslo.

Saman med kunstnaren Barbro Raen Thomassen blei Paal-Helge Haugen i fjor spurt om å smykka ut den nye kyrkja på Bøler, som skal stå ferdig i august.

– Arkitekten sa at dei var opptekne av plassen til teksten i kyrkja og hadde lagt merke til samarbeidsprosjekt eg har hatt med Paal-Helge Haugen tidlegare, fortel Barbro Raen Thomassen til Vårt Land.

Men då Paal-Helge Haugen leverte utkastet sitt, blei han avvist. I grunngjevinga frå utsmykkingskomiteen i kyrkjelyden heiter det: «Inskripsjoner på nynorsk vil generelt virke fremmed og unaturlig».

Forfattaren seier han fekk tilbod om å bruka nynorsk på ein stad i kyrkja, men opplevde dette som eit forsøk på å gje han «eit plaster på såret». Det ønskte ikkje Paal-Helge Haugen å vera med på og valde å trekkja seg ut av prosjektet, fortel avisa.

– Fordommane rår
Forfattaren Edvard Hoem reagerer sterkt på grunngjevinga til kyrkjelyden.

– Denne saka viser at det ikkje er det gode skjønn, men fordommane som rår, seier han.

Hoem peikar på at tekstar på bokmål og nynorsk blir brukt om kvarandre i kyrkja og oppmodar kyrkjelyden til å tenkja seg om ein gong til.

Hoem får full støtte av leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Han har aldri høyrt om noko liknande.

Ventar heilomvending
– Dette er berre tull og vås, seier Øvregård. Han peikar på at folk i nynorskområde syng salmar på bokmål og møter bokmål i andre samanhengar.

– Nynorsk er eit positiv uttrykk for mangfaldet vi har i Noreg, noko kyrkja burde feira, seier Øvregård og tek det som sjølvsagt at Bøler kyrkjelyd ombestemmer seg og vil bruka tekstane frå Paal-Helge Haugen.

– Du seier ikkje nei til ein så velrenommert og elska lyrikar. Det er som å seia at du ikkje vil ha ein Picasso fordi han brukar fransk. Det ville vera heilt latterleg, seier Håvard Øvregård. (NPK)

Førre artikkelFå innvandrarar røystar
Neste artikkelVideo om språkval

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...