Heim Nyhende Leiartale til landstinget i LNK 2011

Leiartale til landstinget i LNK 2011

Gode landsting!

I leiartalen min på landstinget for to år sidan brukte eg mange ord på å skildre den ansvarsfråskrivinga dei største nasjonsdekkjande avisene driv med når det gjeld språkleg mangfald, og eg sa mellom anna dette:

“Det er så enkelt: Først høyrer vi, deretter les vi, og så skriv vi. Å hoppe over dei to første stega og starte direkte på skrivinga, vil nesten alltid vere problematisk. Det er difor eg meiner der det er avgjerande viktig at ungdom i bokmålsområde får sjansen til å lese nynorsk i riksavisene. Det vil føre dei mykje lettare inn i det vi kan kalle den norske språklege felleskulturen, som vil vere ei framifrå plattform for framtidig språktileigning.”

Eit drygt år etter landstinget kom fagboka “Avisene som utvida Noreg” ut på Samlaget. Forfattar er direktøren ved Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad. I denne boka blir det argumentert overtydande for at lokalavisene som er blitt redigerte på nynorsk har vore avgjerande viktige for at det nynorske språket framleis er livskraftig i store delar av landet. Skulemålet har vore viktig, men kanskje har nynorskavisene vore vel så viktige.

I årstalen sin i september i fjor hevda Ottar Grepstad at den nynorske profesjonsidentiteten i pressa fortener å ta form og kome til uttrykk. Han grunngjev det mellom anna med at for første gong er redaksjonelle nøkkeltal for nynorskavisene no samla inn: “I 2010 arbeidde 726 personar i dei 58 avisene som formelt var redigerte på nynorsk. Størst var Firda med 64 tilsette, minst var Samningen med tre. Berre fem aviser hadde meir enn 30 tilsette, og over halvparten hadde færre enn ti. Miljø med mindre enn 10–12 personar blir før eller seinare for spinkle. Der ligg altså nivået for kritisk masse. Som andre nynorskinstitusjonar er altså mange nynorskaviser i minste laget. Sett under eitt utgjorde nynorskpressa eit mykje større miljø for språkproduksjon enn NRK.

Halvparten av medarbeidarane arbeider redaksjonelt. Kvar veke produserer desse 362 redaktørane og journalistane stoff på nynorsk som blir publisert på papir og/eller nett. Av slikt blir det mykje å lese. Nynorskavisene gir kvar veke ut over 120 nummer med meir enn 3000 avissider. Annonsar fyller om lag 30 % av desse sidene. Av dei sidene som då er att, går inntil 40 % bort i illustrasjonar. Vidare må tekst på bokmål trekkjast frå. Summen av dette nokså stødige reknestykket blir at nynorskavisene kvar veke gir lesarane minst 1150 avissider nynorsk tekst. Varsamt rekna svarar det til om lag 8600 boksider i romanformat. Gjennom eit heilt år publiserer desse avisene dermed ei tekstmengd på nynorsk som ville fylle godt over 2100 bøker. På eitt år gir norske forlag ut mindre enn 500 bøker på nynorsk. Lokalavisene er ikkje små. Dei er større enn alle andre, språkleg sett.”

Det Grepstad peikar på her er verdt å reflektere over. For min eigen del er eg ikkje i tvil om at lokalavisene er avgjerande viktige for den språklege sjølvtilliten hos mange barn og unge i dei nynorske områda. Frå tida mi som lærar i ungdomsskulen vart eg mange gonger overraska over kor godt elevane las lokalavisa. Jentene var ofte meir allsidige i lesevanane sine, og dei las også meir som var skrive på bokmål. Mange gutar las lite bøker, det dei las var stort sett teikneseriar og lokalavisa. Slik eg ser det, har lokalavisene spelt ei avgjerande rolle i danninga av språkleg identitet hos generasjonar av skuleelevar.

Fråveret av nynorsk tekst i dei store nasjonale presseorgana er likevel eit stort problem. Den språklege identiteten forvitrar hos mange unge i møtet med massiv bokmålspåverknad i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Elevar med nynorsk som opplæringsmål skriv som regel godt begge målformer av norsk, og når så den eine målforma er fråverande i nasjonale publikasjonar, blir det enkelt å tenkje instrumentelt og velje den synlege målforma.

For elevar som har bokmål som opplæringsmål verkar fråveret av nynorsk tekst i den daglege nyhendelesinga til at denne målforma verkar framand og lite tilgjengeleg. Når desse elevane skal ta til å skrive sakprosatekstar, har dei ofte eit svært tynt referansegrunnlag frå lesne tekstar. Progresjonen høyre – lese – skrive er grunnleggjande viktig, og lesing bør komme i forkant og parallelt med skriveøvingar.

Eg registrerer at det i utdanningsdirektoratet sitt “Forum for nynorsk i opplæringa” der LNK er representert, blir lansert tankar om at opplæringa i nynorsk for bokmålselevar bør ta til tidlegare enn i dag gjennom til dømes systematisk tekstlesing. Det blir også gjort framlegg om at lærebøker i somme fag bør vere på nynorsk for bokmålselevar for nettopp å kompensere for den meirkompetansen nynorskelevane får gjennom massiv bokmålspåverknad.

Eg synest dette er gode og fornuftige tankar å følgje opp, men det bør ikkje ta ansvaret for å gjere nynorsken synleg i rikspressa bort frå dei nasjonale presseorgana. Og staten kan markere dette ansvaret ved å innføre ei eller anna form for “gulrot” til dei som tek ansvar. I språkmeldinga “Mål og meining” ligg det etter mitt syn eit godt grunnlag for positiv diskriminering av nynorsken. Det kan gjerast ved at staten etter visse retningsliner gjev tilskot til produksjon av nynorsk tekst i aviser og på nett. Dersom somme presseorgan av idealistiske eller formelle årsaker ikkje ønskjer å ta det ansvaret, så vil det sjølvsagt koste økonomisk å vere idealist eller formalist.

Det hastar med å finne gode tiltak som kan gjere norskfaget med målformene nynorsk og bokmål til eit fag som har prestisje, og der det gjev status å kunne skrive godt og korrekt norsk uansett målform. Sterke krefter meiner språkmangfald er “plunder og heft” i eit moderne samfunn, og dei låner gjerne øyre til folk som vil ha valfridom til å velje bort det som krev innsats for å prestere godt. Elevar synest somme emne i dei fleste fag er vanskelege, men dei og vi aksepterer at dei er der. Det er berre i norskfaget det blir argumentert for å ta ut vesentlege delar av faget slik at elevane kan bli flinkare i faget.

Forstå meg rett. Forholda for språktileigning for elevar i grunnskule og vidaregåande skule er ikkje ideelle. Svaret på denne utfordringa er å betre forholda, ikkje å endre krava. Det bør vere eit tankekors for mange politikarar at det er unge som tek sikte på høgskule og universitetsutdanning etter avslutta vidaregåande skule som klagar mest på at norskfaget også inneheld krav om kompetanse i skriftleg nynorsk. Det lovar ikkje godt for innsatsviljen, pågangsmotet og kunnskapsgrunnlaget som er nødvendig for verkeleg å kunne nytte ut eit av verdas beste høgare utdanningssystem.

Dessutan, og det er det viktigaste: Ei endring i retning av frie val når det gjeld krav til kompetanse i begge målformer i grunnskulen og i studieretningar som kvalifiserer til våre høgste utdanningar, kan raskt endre statusen til det nynorske skriftspråket frå å vere eit nasjonalspråk til å bli eit reservatspråk. Det er difor all grunn til å finlese stortingsmeldinga “Mål og meining” og ruste seg med argument for at vi treng meir og ikkje mindre kunnskap om og i språk i ei verd der informasjon flyt utan grenser. Gode kunnskapar og god innsikt i dei to målformene av norsk er eit framifrå grunnlag for tileigning av kunnskapar i andre språk. Og om mindre enn to år er “Språkåret 2013” her. Då markerer vi at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og at LNK har eksistert i 20 år. Det gjev oss eit glimrande høve til å vise fram den rikdommen det er for ein nasjon å ha meir enn eitt skriftspråk. Vi er ikkje åleine om det. Land i Europa med berre eitt skriftspråk kan teljast på ei hand.

Kva har så organisasjonen LNK gjort for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar? Svaret er mellom anna at vi også produserer mykje tekst. Dels er denne teksten i blad- eller magasinformat, men det meste er nettbasert. Vi har sett det slik at om ikkje nynorsken blir synleg på nett, så vil målforma ha vanskeleg for å overleve som nasjonalt språk.

Alle her kjenner medlemsavisa vår og nettstaden vår, lnk.no. Magasinett er tilbodet vi er sterkt delaktige i til bruk i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Det er det einaste ungdomsmagasinet på nett for opplæringsformål så langt vi veit. Vi hadde tenkt at dette i første rekkje skulle vere eit tilbod til skular og elevar i nynorskområde, men registreringar tyder på at det blir meir brukt i bokmålsområde i opplæring i nynorsk. Vi er ikkje leie oss for det, og det understrekar det eg har peikt på tidlegare at det er stor skort på nynorsk tekstproduksjon i mange område der bokmålet er tilnærma einerådande.

Pirion er tilbod til vaksne som arbeider i barnehagar. Det er nettstad, det er blad i opplag på 38000 distribuert med Fagbladet, og det er kurstilbod. Som trykt publikasjon utsend saman med Fagbladet, er det kanskje den største nynorskpublikasjonen i landet.

Det aller siste som vi er svært stolte av å ha fått til, er nettstaden “Framtida.no”. Det er eit samarbeid mellom ABC Startsida som er nynorskversjonen av ABC Startsiden og er eigd av Telenor, Landslaget for lokalaviser, LLA, 14 lokalaviser og LNK. Denne nettstaden produserer nyhende- og kulturstoff for ungdom og har peikarar til lokalaviser som leverer tips og stoff til nettstaden. Nettstaden ligg som ein del av ABC Startsida. På denne nettstaden skjer det mykje god tekstproduksjon på nynorsk, og han har etter berre eit halvt år i drift alt fått om lag 6000 unike brukarar.

Framtida.no er organisert som eit prosjekt og tek imot støtte frå Kulturdepartementet i tre år. Prosjektleiar er Svein Olav Langåker, og talet på unike brukarar så langt tyder på at han har teft for det som opptek ungdom. Når prosjektperioden tek slutt, er det meininga at nettstaden skal drivast vidare med reklameinntekter, og då gjeld det om å ha mange nok brukarar til at nettstaden er interessant for annonsørar. Alle her i salen veit då kva vi må gjere. Vi må sjå til at alle kommunetilsette, alle politikarkollegaer, alle slektningar, alle venner, ja alle vi kjenner som har ein MAC eller PC har ordna seg slik at ABC Startsida og Framtida.no kjem opp som startside når vi loggar oss på internettet.

LNK har i dette prosjektet hatt eit svært godt samarbeid med LLA, og ikkje minst med ansvarleg redaktør i Startsiden/Startsida, Espen Udland. Udland har vist unik interesse for å utvikle nettilbod også på nynorsk som står i skarp kontrast til det andre redaktørar i hovudstaden har forsømt å gjere. Vi i styret i LNK, og ikkje minst dagleg leiar, Vidar Høviskeland, er svært glade for at det framleis finst redaktørar med integritet, vidsyn og perspektiv i hovudstaden.

Til slutt kjære landsting: Då eg vart vald inn i styret og vald som leiar for første gong for åtte år sidan, vedtok landstinget samstundes eit nytt punkt i arbeidsprogrammet som representerte noko genuint nytt og som eg meiner har prega organisasjonen vår og arbeidet til styret i svært stor grad i dei åra som har gått sidan 2003. Dette punktet sa at LNK skulle synleggjere samanhengane mellom språk, kultur, identitet og lokal næringsutvikling. Seinare vart det meir vide omgrepet samfunnsutvikling brukt i staden for lokal næringsutvikling.

Landstinget gjorde rett i 2003. Ein organisasjon som LNK må nettopp synleggjere samanhengar og arbeide med desse samanhengane. Skriftspråket vårt er ein del av identiteten vår og kulturen vår og verkar inn på den samfunnsutviklinga vi alle tek del i. Gjennom gode bidragsytarar og spenstige foredrag vart samanhengar analyserte og konkretiserte i konferansar ved landstinga i Rauland og i Vågå. Tankar om korleis identitet, språk og kultur kunne gjerast om til spennande reiselivsprodukt vart lanserte. Tankar om at bilar berre kan seljast på bokmål, vart gravlagde. Interessant var det også. Eg minnest godt at den gong fylkestingsmedlem, no stortingsrepresentant, Jenny Klinge kom bort til meg i ein pause i konferansen i Rauland og forkynte at dette var den beste konferansen ho nokon gong hadde delteke på. Vi var nok mange som kjende at vi var del av noko viktig; vi opplevde samanhengar som var viktige.

Arbeidet med desse samanhengane opna også opp for nye og vidare nettverk. LNK er ein framifrå nettverksorganisasjon, og det skal ikkje minst dagleg leiar Vidar Høviskeland ha æra for. LNK har få tilsette, mange lojale støttespelarar og gode kompetente firma og einskildpersonar som vi kjøper tenester av. Dette er ein organisasjonsmodell som har stått seg godt i dei åra eg har vore styreleiar, og eg tvilar på at det nye styret vil gjere revolusjonerande endringar i måten å drive organisasjonen på. Eg takkar landstinget for tilliten som er blitt vist meg i fire periodar. Eg takkar styret og dei vi har samarbeidd med for åtte opplevingsrike år. Eg har sett stor pris på å få vere i lag med dykk alle. Til det nye styret: Lykke til med styringa og arbeidet i ein spennande og viktig organisasjon.

 

Takk for at de høyrde på meg!

Jan Magne Dahle, styreleiar i LNK

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...