Heim Nyhende Lesarar får ikkje nok av Napoli og Ferrante

Lesarar får ikkje nok av Napoli og Ferrante

Nordmenn har late seg forføre av Napoli-bøkene til Elena Ferrante. Kvinna bak dei norske omsettingane seier det verkar som ein umetteleg marknad: – Fleire håpar det blir meir.

– Bøkene blei ein skikkeleg snakkis, og vi nordmenn er jo sauar. Det blei til slutt eit heilt uventa fenomen som eg har snakka mykje om dei siste åra.

Slik forklarar Kristin Sørsdal korleis ho har opplevd å omsette den italienske forfattaren Elena Ferrante – truleg mest kjend for romanserien Napoli-kvartetten – til norsk.

Ti år etter at arbeidet med å omsette den første boka i serien byrja, har til saman ni bøker kome på norsk. Tre av bøkene har blitt filmatiserte og Napoli-kvartetten blei gjort om til tv-serie som blei vist på NRK.

Etter nyttår kom det òg ein ny Netflix-serie som tek føre seg den sjølvstendige romanen «Dei vaksnes løgnaktige liv».

– Det er få som har lese dei andre romanane til Ferrante, trass i at dei er like gode som Napoli-kvartetten.

Kristin Sørsdal seier det ser ut til at lesarane stadig er svoltne på meir frå Napoli og Ferrante, men er usikker på om forfattaren ønskjer det sjølv. Foto: Peder Skjelten / NPK

Frå sørlandsk keisemd til sydlandsk eventyr

Dei fleste romanane til Ferrante har handling i, eller karakterar frå Napoli. Sørsdal er godt kjend med den italienske byen.

Som 19-åring stod ho på rutebilstasjonen i Arendal, lei av byen og alle som lurte på kva ho skulle gjere med livet sitt framover. Ho reiste på interrail, og enda opp i Napoli. Der jobba ho i eitt år som reinhaldar, heimehjelp og barnepassar medan ho budde på ungdomsherberge og pensjonat.

Så kom ho inn på universitetet i Napoli og studerte der i to år.

– Det var veldig eksotisk erfaring å bli vaksen i Sanitá – indre bydel. Det var der eg lærte italiensk.

Inngangen

Etter å ha kome tilbake i Noreg, flytta ho til Bergen og tok utdanning i idehistorie, nordisk og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Målet var å tene pengar på skriving og omsetting, men det tok lang tid. Etter hundreårsskifte tok ho mastergrad i italiensk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, og i 2010 fekk ho publisert sin første roman «Makabre bikkjer».

– Eg fekk raskt ut to bøker til, men eg måtte ha to bein å stå på for å klare å halde fram som forfattar. Med ein fot i forlagsverda opna det for å omsette.

I fleire år hadde ho fått avslag hos forslag om å omsette utanlandsk litteratur. Men med ein publisert roman på Samlaget byrja dei å lytte.

Uventa bestseljar

Første gong Sørsdal høyrde om Elena Ferrante var i 2008. Ho var på stranda i Italia med lokale venninner og spurde om dei visste om nokon kvinnelege, rasande, forfattarar som ho kunne omsette til norsk.

– Den eine venninna mi sa Elena Ferrantes bok «I giorni dell’abbandono». Den ville ikkje forlaget ha den gongen. Etter suksessen med Napoli-kvartetten har denne boka blitt til «Svikne dagar» i 2017.

To år etter dette avslaget, kom «Mi briljante venninne», den første romanen i Napoli-kvartetten på italiensk. Forlaget blei då villig til å prøve. Dei bad Sørsdal omsette den første boka i serien, for å teste vatnet. Ingen hadde tru på at bøkene skulle bli den suksessen dei har blitt.

– Det var ei overrasking for både meg og forlaget at ein ukjend utanlandsk forfattar skulle bli omsett til nynorsk og gjere det så bra.

Trufaste lesarar

I tida bøkene har vore tilgjengelege på norsk, har dei fleire gonger vore på bestseljarlistene til norske bokhandlarar. Bøkene i Napoli-kvartetten toppa listene i fleire veker. Det er sjeldan for bøker på nynorsk.

Sørlendingen frå bokmålsbyen Arendal har ofte fortald, og forsvart, kvifor det måtte bli nynorsk Ferrante skulle bli omsett til for eit norsk publikum.

– Urbane, kjølige, glasaktige ting fungerer best på bokmål. Napolitansk har meir med det jordlege å gjere. Språket er ujålete og då eg høyrde stemmene i bøkene, passa det best med nynorsk. Det kunne kanskje blitt til bokmål, men det hadde blitt så standardisert, det er litt mindre fritt på bokmål, mens med nynorsk kan ein breie seg meir.

Ho meiner suksessen med Napoli-kvartetten kjem av fleire ting.

– Det var ein serie, som er populært. Det blei snakka om som eit fenomen, det var ei oppveksthistorie, det handlar om klasse og fortalde livet til damer i 50–60 åra, som er trufaste lesarar. På alle foredraga mine er det dei som sit i publikum.

Flyktningkrise

Inntektene frå omsettinga gjorde at Sørsdal kunne bu i Europa halve året. Ho fekk òg etter «Makabre bikkjer» i 2010 publisert to andre eigne romanar: «Guds hund» i 2013 og «Mare» i 2017

Sistnemnde blei til etter at ho var vitne til flyktningkrisa rundt Middelhavet i 2015. Ho budde då på den italienske øya Lampedusa, like nord for Libya.

– Eg levde då som omsettar, vagabond og uavhengig observatør av flyktningleirane i Hellas. Det var mykje krefter i meg då, men etter det har eg slutta og skrive.

– Kvifor?

– Eg har blitt gammal og utsliten, seier ho og ler.

– Det handlar om pengar. Det er vågalt å ta eit friår for å skrive når ein tenker på pensjon og bustadlån. Skrivinga krev mykje, men eg leitar alltid etter rom for å gjere det.

Opnar for meir – om Ferrante ønskjer

Namnet Elena Ferrante er eit pseudonym. Forfattaren bak namnet ønskjer ikkje å stå fram, men vel å publisere bøkene sine anonymt. Sørsdal seier ho sjølv verken har hatt kontakt med Ferrante, eller interesse for å finne ut kven det er.

– Det har inga betyding. I den siste boka hennar, «Innanfor margane – om gleda ved å lese og skrive», står det mykje vettug som seier alt om kvifor forfattaren berre skriv, og ikkje vil stå fram som person. Om ein er interessert i forfattaren får ein heller lese bøkene enn å spekulere i kven det eigentleg er.

Nyleg kom Netflix med ein serie basert på den siste Ferrante-boka, «Dei vaksnes løgnaktige liv», publisert på norsk i 2020. Sørsdal seier det ser ut til at lesarane stadig er svoltne på meir frå Napoli og Ferrante, men ho er usikker på om Ferrante ønskjer det sjølv.

– I den siste romanen slutta historia veldig opent. Fleire håpar difor at det blir fleire bøker, men i «Innanfor margane – om gleda ved å lese og skrive» skriv forfattaren at det ikkje er sikkert det blir oppfølgjarar. Men eg kunne i alle fall tenkje meg å lese meir, seier Kristin Sørsdal.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...