Mindre enn ein prosent av elevane i den vidaregåande skulen på Agder har nynorsk som hovudmål. Det likar ikkje språkprofessor Sylfest Lomheim.
Mellom fem og seks prosent av elevane på grunnskulen i Agder-fylka har i dag nynorsk som hovudmål, skriv NRK Sørlandet.
Det er Grunnskulens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå som har funne fram til tala.
Språkprofessor ved Universitetet i Agder, Sylfest Lomheim, meiner systemet øydelegg for nynorsken.
Les også: Difor byter nynorskelevar i Valdres til bokmål
– Det som skjer er at dei som brukar nynorsk som hovudmål i grunnskulen sluttar å bruke nynorsk når dei startar på vidaregåande og brukar i staden bokmål. Det “svarar” seg godt fordi då får dei gode karakterar i bokmål og i sidemål, seier han til NRK.
Han meiner no noko må gjerast slik at det blir mindre attraktivt å skifte frå nynorsk til bokmål.