Heim Nyhende Klar for festival i Aurland

Klar for festival i Aurland

Etter 7 år byrjar Nynorske litteraturdagar verkeleg å finne si form.

I dag opnar Nynorske litteraturdagar i Aurland, og festivalleiar Arve Tokvam gler seg over at arrangementet no ser ut til å ha fått eit godt fotfeste både hjå dei sjølve, men ikkje minst hjå publikum.

Gode kombinasjonar

Dette året skal meir enn 20 einskildarrangement avviklast, i tillegg til skulearrangementa på fredagen.

Og det er kombinasjonen av fleire ingrediensar, som til dømes musikk og litteratur som slår best an hjå publikum, har arrangørane erfart i løpet av desse åra. Litteraturfesten ønskjer i år å freiste med arrangement med noko utradisjonelle kombinasjonar.

– Eit døme på det er eit felles arrangementet søndag føremiddag med Åshild Ulstrup, som har skrive ei varm og undrande bok om døden seint i livet, og Arnfinn Kolerud, som skriv morosamt om ihuga nynorskingar i Vassbygda-trilogien sin, fortel Tokvam.

Andre som finn vegen til Aurland i helga er mellom andre forfattarane Agnes Ravatn, Olaug Nilssen, Linda Eide, Brit Bildøen og Anne Viken, og musikarane Tønes og Lars og Ola Bremnes.

– Me har òg store forventningar til Arnhild Litleré sin poesikonsert, basert på tekstar av Olav H. Hauge og Jon Fosse.  

Fleire frå bygda

Stadig fleire utanfor festivalen sitt nærområde kjem reisande til for å vere med på ei helg kor opplevingar knytt til den nynorske litteraturen står i høgsetet.

– Særleg i fjor såg me ei utvikling der fleire tilreisande enn tidlegare fann vegen til arrangementet. Den utviklinga håpar me held fram, seier Tokvam.

– Tilreisande som bur her heile helga er med på å skapa ekstra liv til arrangementet, då dei ofte er med på mange arrangement gjennom heile helga.       

Samstundes registrerer Tokvam at aurlendingane ikkje nødvendigvis er dei som oftast deltek som gjester på festivalen.

– Det må seiast at mange aurlendingar er kjempestolte av Nynorske litteraturdagar, det ser me òg av at mange ønskjer å vera med som frivillige. Men totalt sett opplever me nok at Nynorske litteraturdagar har ein større status hjå folk utanfor enn innanfor kommunegrensene.    

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...