Heim Nyhende Mange oppgåver for Vox

Mange oppgåver for Vox

Pedagogar, LNK, Nynorsksenteret og Vox jobbar saman for å finne gode læremiddel på nynorsk til vaksenopplæring av innvandrarar.

Etter påtrykk frå LNK fekk Vox, eit nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, eit utvida ansvar for å sjå til at det blir produsert læremiddel på nynorsk til bruk i vaksenopplæringa for minoritetsspråklege. Vox sette då ned ei rådgjevande gruppe samansett av pedagogar og av folk frå Vox og LNK. Seinare har Nynorsksenteret kome med. Gruppa jobbar med å skaffe oversikt over kva læremiddel som finst, og einskilde medlemer har hatt i oppgåve å omsetje, omarbeide og kvalitetssikre læremiddel. Vox brukar ein del av potten dei har til rådvelde, på tilskot til nynorske læremiddel som elles ikkje ville vore gitte ut.

På arbeidsplassen

No sist løyvde Vox pengar til Cyberbook, som utarbeider ein læringsressurs for norsk på arbeidsplassen.

– Dette prosjektet ligg litt på sida av prioriteringslista som er utarbeidd av departementet, seier Helga Arnesen i Vox. – Men Cyberbook skulle allereie lage denne på bokmål, og det ville bli svært rimeleg å få han utarbeidd på nynorsk samtidig.

Før jul gav i tillegg Vox bort restopplaget av temaheftet Kropp og helse gratis, eit tilbod som vart svært godt motteke rundt om i landet.

I 2012 skal NorskPluss for spor 1 gjevast ut i nynorskutgåve. Denne læreboka skal ha ei arbeidsretta vinkling. NorskPluss er eit komplett læremiddel med ein omfattande nettressurs tilpassa læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

LES OGSÅ: Nynorsk vaksenopplæring

Ny læreplan

Vidare framover vil den nye læreplanen i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar prege arbeidet til Vox og nynorskgruppa. Timetalet for innvandrarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, er no utvida frå 300 til 600 timar, og elevane må gjennom ei obligatorisk prøve i norsk og ei i samfunnskunnskap frå 2013. Det finst i dag få læremiddel for innvandrarar som skal ta ei norskprøve på det nivået som kvalifiserer til inntak til høgre utdanning.

– Slikt finst ikkje verken på bokmål eller nynorsk, seier Arnesen. – Men førebels er vi i tenkeboksen og vurderer om vi skal gi råd om at det bør bli gitt ut eigne lærebøker for dette nivået, eller om ein skal satse på tekstar som finst i det daglege, til dømes i bøker og aviser. Dei nye læreplanane trer i kraft frå første august i år, og Arnesen seier det enno er tid til å vurdere dette.

– Det er også eit klart ønske om å få tilgang til meir lettlesttekstar. Dei vaksne deltakarane som ikkje er så vande med å lese, treng mykje trening. Det er ei utfordring å finne tekstar som er enkle utan å vere barnslege.


Lista:

Nynorskgruppa til Vox har ei komplett liste over kva nynorske læremiddel som finst, både for minoritetsspråklege i grunnskulen og for vaksenopplæring i norsk og samfunnsfag. Denne lista ligg på nettet: http://www.nynorsksenteret.no/nyn/ressursbase-for-skulen/minoritetsspr%C3%A5klege/norsk-som-andrespr%C3%A5k.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...