Heim Nyhende Meir nynorsk frå Kongehuset

Meir nynorsk frå Kongehuset

I fjor var 21 prosent av dei nye sakene på Kongehuset sine nettsider på nynorsk.
Hausten 2021 fekk Noregs Mållag mykje merksemd fordi dei i eit utkast til nytt arbeidsprogram ville krevja at 25 prosent av talane frå Kongehuset skulle vera på nynorsk. Det enda med at landsmøtet i staden gjekk inn for å stilla krav om at 25 prosent av tekstane frå Slottet skulle vera på nynorsk. Det målet nådde Slottet ikkje i 2022, men nynorskdelen på nettsida til Kongehuset har likevel auka.
– Landmøtet vårt var tydeleg på at eit kongehus for heile landet må nytta heile det norske språket, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.
Han meiner det at nynorskdelen på nettsida til Kongehuset auka i 2022, tyder på at Slottet har fått med seg kravet frå Noregs Mållag. Han seier han har tru på at dei kjem til å klara å komma opp i 25 prosent nynorsk i år.

I motsetnad til slik det er for dei fleste andre statsorgan, er det ingen lov som pålegg Kongehuset å veksla mellom nynorsk og bokmål.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...