Heim Nyhende Mystifiserer ikkje nynorsken

Mystifiserer ikkje nynorsken

Førskulelærarstudentar ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) blir kjende med nynorsk barnelitteratur via forlagsbesøk, digitale prosjekt og samarbeid med mållaget.

– Det er ei unison semje blant studentane at dei ynskjer å halda fram med å få tilgang til god nynorsk barne- og ungdomslitteratur, seier Margareth Sandvik, førsteamanuensis i norsk ved førskulelærarutdanninga på HiO.

Det er eit samarbeid med Inger Stenersen i Samlaget som ber frukt. Ho er bibliotekar og litteraturformidlar.

– Det er ein luksus for studentar å få tilgang og kjennskap til så mykje ny barne- og ungdomslitteratur via ein entusiastisk litteraturformidlar, understrekar Sandvik, som prøver å unngå mystifisering av nynorsk barnelitteratur.

Ein stor del av studentane er fleirspråklege, og arbeidsstadene deira vil vera prega av ulike dialektar. Ved hjelp av barnebiletbøker lærer studentane om forholdet mellom bilete og tekst.

– Dei fleirspråklege studentane er ikkje negative til det nynorske sidemålskravet, fortel Sandvik.

Trass i at det ikkje er eit krav til fleirspråklege elevar å gjennomføra sidemålskravet, ynskjer studentane å ta del i denne undervisninga.

Norsk og IKT

– Førskuleutdanningane er viktige målgrupper for kampanjar for formidling av nynorsk barnelitteratur, understrekar Sandvik.

Når det gjeld oppfølging av sidemålskravet, kjenner Sandvik til at det er svært ulik praksis kring dette rundt om på førskulelærarinstitusjonane i landet. Sidemålskravet er i følgje Sandvik det einaste formelle møtet studentane i Oslo får med nynorsk. For mange har det vore ei tvangstrøye, og mange elevar har skrive kva tekst som helst berre for å ha det gjort. Ofte er formidlinga av sidemålskravet lite engasjerande, og det held at halvparten eller ein tredjedel av teksten er på sidemålet. I tillegg skal alle studentane formidla ei bok på nynorsk.

Dei siste åra har førskulelærarutdanninga samarbeida med Mållaget i Oslo når det gjeld sidemålskravet i norsk og i IKT. Studentane har laga biletforteljingar på sidemål ved hjelp av det digitale verktøyet Photo Story. Den beste forteljinga har blitt kåra ved hjelp av jury. Det er blitt ei seriøs kåring med utdeling av prisar for fyrste til tredje plass. Ved kåringa kjem mållaget opp og har show og deler ut ulike effektar.

– Haldningane til studentane er delte, seier Sandvik. Samstundes merkar ho at innstillinga endrar seg i stor grad etter at elevane har fått jobba med Photo Story-prosjektet. Photo Story-oppgåva kan nyttast i praksis, og mange har teke med seg oppgåva ut i barnehagar i praksisperiodar.

Sandvik oppmodar utdanningsinstitusjonar til å ta i bruk digitale verkemiddel i undervisninga. Skal førskulelærarane formidla god nynorsk barnelitteratur, må dei kjenna til han. Her spelar førskuleinstitusjonane ei viktig rolle. Dersom ein ikkje har høve til å få bokpakkar frå forlag eller forfattarbesøk, er det viktig å alliera seg med biblioteka og sørgja for at dei er oppdaterte med all den gode barnelitteraturen som finst.

– Nynorsken må også få ein meir naturleg plass i den digitale verda, nynorsken må bli ein del av bynorsken, avsluttar ho.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...