Heim Nyhende Nedslitne kyrkjer eit milliardsluk for kommunane

Nedslitne kyrkjer eit milliardsluk for kommunane

Norske kommunar brukar meir pengar på kyrkjebygg, men framleis er etterslepet på ti milliardar kroner. Fleire småkommunar har fire-fem kyrkjer.

Svært mange av dei 1.620 kyrkjene i landet har vore forsømde over fleire år. No kjem rekninga, skriv Nationen. For å stoppa forfallet måtte kommunane ha brukt mellom 300 og 400 millionar kroner kvart år til vedlikehald. Men på midten av det førre tiåret blei det berre brukt rundt 200 millionar i året.

Milliardar
I 2009 sette regjeringa av 1,2 milliardar kroner øyremerkt til vedlikehald av kyrkjebygg. I tillegg blei det innført ei ordning med rentefrie lån. Det førte til at kommunane bruke 500 millionar kroner på vedlikehald det året, men det var ikkje nok.

– Det må ti milliardar kroner til for å ta igjen etterslepet på vedlikehald av norske kyrkjer, seier direktør Øystein Dahle i avdeling for samfunnskontakt og interesseverksemd i Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon (KA) til Nationen.

Det er særleg dei store og mellomstore kommunane som har sett av meir pengar til vedlikehald, medan dei små kommunane framleis slit med å finna midler til å halde kyrkjene sine ved like.

Flest kyrkjer i små kommunar
– At småkommunar slit med å finna pengar til kyrkjene sine, er eigentleg ikkje så rart. Det er kommunar med lågast innbyggjartal som har flest kyrkjer, seier Dahle.

Med fem millionar menneske, skulle det bli rundt rekna ei kyrkje per 3.000 innbyggjarar. Statistisk sett burde kommunar med 2.500-3.000 innbyggjarar dermed berre hatt ei kyrkje.

– I mange kommunar med denne storleiken finst det både fem og seks kyrkjebygg, seier Dahle.

Han nemner til dømes Surnadal på Nordmøre, med rundt 6.000 innbyggjarar og seks kyrkjer. Hitra har 4.300 innbyggjarar og sju kyrkjer.

Uansett kor sliten ei kyrkje er, og kor mykje ho enn treng oppgradering og renovering, blir ho aldri riven.

– Ein skule frå 50-talet blir gjerne riven for at kommunen kan byggja ny. Slik er det ikkje med kyrkjer. Til det er det altfor mange kjensler knytte til dei, seier Dahle. (NPK)

Førre artikkelMå søkje på bokmål
Neste artikkelAlltid i endring

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...