Heim Nyhende NHO: Kommunane kan spare 15 milliardar på effektivisering

NHO: Kommunane kan spare 15 milliardar på effektivisering

Dersom dei 200 største kommunane i landet dreiv like effektivt som dei beste kommunane, kunne dei spare opptil 15 milliardar kroner, viser utrekningar frå NHO Service.

 

Det svarar til ein gevinst på 18 prosent ved effektivisering av områda sjukeheimar, heimesjukepleie og praktisk bistand, reinhald og drift av kommunale føremålsbygg.

Desse frigjorte midla kan ein bruke til å skape meir velferd for i kommunane, for eksempel gjennom å byggje fleire sjukeheimsplassar eller gi fleire timar heimehjelp, seier næringspolitisk direktør Dag Ekelberg i NHO Service.

Tala er ikkje eintydige, men sparepotensialet per innbyggjar er noko høgare enn i dei små kommunane.

– Analysane våre viser at både små og store kommunar har mykje å hente på å bli meir produktive og dermed få meir velferd att for pengane, forklarer Ekelberg.

NHO har også sett på kva parti som styrer kommunane med størst sparepotensial. 56 prosent av effektiviseringa kan takast ut i Høgre-styrte kommunar, 43 prosent i Ap-kontrollerte kommunar og 6 prosent i kommunar med Senterparti-ordførar.

– Vi har slik sett store forventningar til Høgre, men vi meiner jo at alle parti burde vore opptekne av å få mest mogleg ut av skattepengane, seier Ekelberg. Han understrekar samtidig at det er ein del uvisse knytt til analysen og at han ikkje er nokon fasit. Samtidig tilrår han at dei kommunane som ser ut til å ha størst sparemoglegheit, gjer sine eigne analysar. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...