Heim Nyhende Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste velgåande.

– Eg trur hovudårsaka til at vi har overlevd så lenge, er at vi er eit nynorskblad. Det er nynorsken som gjer oss viktige. Det er mange gode krefter som ynskjer at bladet skal halde fram, og som sørgjer for at vi får stadig nye generasjonar av lesarar, seier redaktør Nana Rise-Lynum til Nynorsk pressekontor.

Vi møter henne i redaksjonen sentralt i Oslo, der dei er samlokaliserte med den nynorske avisa Dag og Tid. Nana er den einaste fast tilsette i bladet, men samarbeider tett med Aina Griffin, som i tillegg til å vere designar også er med på å forme innhaldet i bladet. Dei er to om arbeidet. I tillegg har dei nokre faste teiknarar og skribentar.

– Heldige barn

På det meste hadde Norsk Barneblad rundt 17.000 abonnentar, det var på 1970-talet. I dag er det 3500 barn som får bladet i sitt namn i postkassa éin gong i månaden.

– Abonnentane våre er det vi kallar heldige barn. Dei har folk rundt seg som betalar abonnementet deira, og det kan vere både foreldre, besteforeldre, eller andre slektningar. Dette er menneske som i barndommen ofte var lesarar sjølve, og som ynskjer å bringe det vidare til nye generasjonar, seier redaktøren.

Nana Riise-Lynum ved hylla der dei gamle årgangane av Norsk Barneblad er samla. Foto: Bent Tandstad / NPK

Mykje er nytt med Norsk Barneblad, men ein god del er også som det har vore. Som moro-sida med vitsar, der det både er nytt og gammalt. Og ikkje minst teikneserien Smørbukk, som har vore ein viktig del av innhaldet i mange år. Den rundleitte karen i raud genser med svarte prikkar har nærmast blitt eit varemerke for bladet.

Han har vore fast figur i bladet sidan 1938, då Jens R. Nilsen laga seks teikningar frå det heller groteske folkeeventyret om Smørbukk. Du veit det eventyret der Smørbukk blir bortført av ei haugkjerring under dekkje av å skulle gi han ein fin kniv. Det ho eigentleg var ute etter var å koke sodd på han, Smørbukk-sodd.

Ein snartenkt kar

Men Smørbukk var ein snartenkt kar og snudde situasjonen til sin fordel ved å lage sodd på haugkjerringa. Og slik vart Smørbukk ein teikneserie, og han har endra seg med åra. Først var han nok litt meir rampete enn i dag, og han var mest oppteken av mat. Han gjekk ikkje av vegen for å stele mat frå andre born.

Etter kvart vart han den godlynte, men framleis like lubne karen, som vi kjenner i dag. Han som alltid rotar seg bort i skumle situasjonar, men som takka vere det kvikke hovudet sitt alltid ordnar opp.

Solveig Muren Sanden teikna Smørbukk i mange år, og no er det Håkon Aasnes som er ansvarleg for både strek og tekst.

Framsida av Norsk Barneblad for mars 2024. Foto: Bent Tandstad / NPK

Avhengig av gode støttespelarar

Det starta altså i 1887. Det var Kristian Stalleland frå Landvik ved Grimstad i Agder som tok initiativet til bladet, som dei første åra kom ut under namnet «Sysvorti». Det er bunden form av sysvort, som er eit gammalt dialektnamn på svarttrast.

Sidan har det humpa og gått for Norsk Barneblad. Bladet har vore gjennom tøffe tider, der økonomien har vore meir enn skral. Men dei har alltid hatt hjelparar som ikkje var redde for å ta i eit tak.

Ein gong kjøpte Rasmus Steinsvik ein hest heime i Volda, Rimfakse, og denne vart lodda ut til inntekt for Norsk Barneblad.

– Han utstyrte Rimfakse med ei kjerre, og så tok dei landevegen fatt til Austlandet og Asker, der han budde. Her vart altså hesten lodda ut, og det var stor interesse for loddkjøpet. Norsk Barneblad levde godt i fleire år på inntektene frå dette lotteriet, fortel Nana Rise-Lynum.

Og dette med gode støttespelarar har vore viktig i heile den snart 140 år lange historia til den nynorske barnefavoritten.

Bladet oppstod i kjølvatnet av den store norskdomsbølgja mot slutten av 1800-talet. Ivar Aasen hadde samla norske dialektar og på den måten skapt det vi i dag kallar for nynorsk, den gongen var det mest kjent som landsmål. Vi fekk den frilynde ungdomsrørsla, og arven etter dansketida skulle bort.

Nana Rise-Lynum, som er frå Hjørungavåg på Sunnmøre, vart den første kvinnelege redaktøren i Norsk Barneblad i 1999, og sidan har ho vore ansvarleg utgivar. Og det trivst ho svært godt med.

– Eg er den første kvinnelege redaktøren, men Halldis Moren Vesaas jobba her i ein periode. Det har vore flinke kvinner med det meste av tida, seier ho.

Nytt tema kvar månad

Ho fortel at dei tek føre seg eit spesielt tema i kvar utgåve. Nyleg hadde dei eit temanummer om plast, og det har også vore nummer om vulkanutbrot, om ulike dyr, om sjakk, sopp og mange andre ting.

– Eg snakkar med menneske med stor ekspertise på dei ulike felta, og eg prøver å gjere det interessant og spennande. Som til dømes i temanummeret om plast. Vi tek ikkje opp berre dei negative sidene ved plast, men også dei mange positive. Norsk Barneblad skal ikkje vere negativ.

Rise-Lynum presiserer at Norsk Barneblad ikkje skal vere lettvint, og at dei ikkje dullar med lesarane. Men ho vil at dei skal bli fascinerte, interesserte og nysgjerrige. Kvalitet ligg alltid i botnen.

– Alt i verda er ikkje trist og ille. Bladet skal få dei til å gle seg og undre seg over ting i verda, ikkje berre sjå på alle problema. Vinkelen vår er det som er moro, slår redaktøren fast.

Og det er mykje moro i Norsk Barneblad. Ei heil side med vitsar, ei side med kviss, og det er ofte eksperiment som borna kan prøve ut sjølve. Ved sida av Smørbukk er det teikneseriar som til dømes lensmann Snufs, Sleivdal og Hanna. Kryssord er alltid med i bladet.

Debattsida er borte

I tidlegare tider var det også ei diskusjonsspalte, men Nana Rise-Lynum fortel at det har dei slutta med. Når det går ein månad mellom kvar utgåve, er det ingen som vil vente så lenge på neste innlegg i diskusjonen.

– Vi prøvde oss med eit forum for nettdebatt i ein periode, men vi måtte berre slutte med det også. Vi vart hacka av utanforståande, og vi har ikkje ressursar til å moderere diskusjonane heile tida. Så det måtte vi gi opp, fortel ho.

No kommuniserer redaktøren i all hovudsak med lesarane på e-post. For mange av borna er flinke til å gi tilbakemeldingar på det dei har lese i bladet, fortel ho.

Fakta om Norsk Barneblad

* Starta av Kristen Stalleland i 1997 som Sysvorti (Svarttrosten). Fekk det noverande namnet i 1891, men svarttrosten er framleis maskoten til bladet.

* Utgivar er ei sjølvstendig stifting beståande av Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, BUL, Norsk Måldyrkingslag og Nynorsk Kultursentrum.

Norsk Barneblad gir også ut julehefta Juletre, Tuss og Troll og Smørbukk. Bladet kjem med elleve nummer i året, eitt nummer kvar månad, bortsett frå i skuleferien.

* Bladet vart gitt ut i Grimstad frå 1887 til 1902, i Oslo frå 1902 til 1964, i Larvik frå 1964 til 1991, og deretter i Oslo.

* Blant tidlegare redaktørar finn ein Rasmus Løland, Rasmus Steinsvik, Bernt Støylen, Andreas Haavoll, som sat i 40 år, Øyvind Dybvad, Johannes Farestveit, Herbjørn Sørebø og Gard Espeland. (Kjelder: snl.no og Skrinet med det rare i)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...