Heim Nyhende Ny leiar i Norsk Målungdom

Ny leiar i Norsk Målungdom

– Det byrja med gratis pizza, men har blitt utruleg mykje meir enn det. Engasjementet for Norsk Målungdom, nynorsk, dialekt og språkmangfald kjenner eg veks for kvar dag.

Det fortel førdianaren Frida Pernille Mikkelsen på e-post til Framtida.no.

Førre helg vart 24-åringen valt til leiar i Norsk Målungdom, der ho til no har vore tilsett som skrivar.

Tennvæske på engasjementet

Frida Pernille Mikkelsen er oppvaksen i nynorskkommunen Sunnfjord, og fortel at det var først då ho flytta til Oslo etter vidaregåande at språkengasjementet tok verkeleg grep.

– Eg kjente for første gong på kjensla av å verkeleg vere eit mindretal og kor utruleg mykje ekstraarbeid eg fekk berre fordi eg hadde nynorsk som hovudmål. Det var tennvæske på engasjementsflammen, fortel 24-åringen.

Ho slit ikkje med å halde flammen ved like.

– I dag hentar eg engasjement frå medlemsmassen vår, frå klageportalen, frå idelogiske samtalar ein sein onsdagskveld, frå historia til målrørsla, frå det offentlege ordskiftet og ein million andre plassar.

Saka som ligg hjartet nærast er elev- og studentrettar, to grupper ho nettopp har vore del av sjølv og difor noko av det ho har mest erfaring frå.

– Som elev og student får ein iblant kjensla av å vere brikker i eit system. Alt er så veldig ferdig utforma rundt deg, og du skal køyrast gjennom det. Det er også då så utruleg frusterande når systemet ikkje tar omsyn til deg eller fullstendig køyrer over deg.

Håpar å ikkje øydelegge den gode stemninga

Den påtroppande leiaren fortel at dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom i 2021 er språk i høgare utdanning, språk i skulen og stortingsvalet.

– Dei fleste studentar som nyttar nynorsk har nok kjent på kjensla av motstand, og eit system som ikkje er bygd for dei. Dette skal vi sette fokus på i 2021.

Mikkelsen fortel at det er eit hav av saker å ta tak i for å betre kåra for nynorskstudentar, og at landsmøtet òg vedtok eit nytt politisk program om dette.

Samstundes vil målungdommen arbeide for å sikre og styrke rettane til nynorskelevane i revideringa av opplæringslova. Mikkelsen påpeikar at lova inneheld rettane ein har som nynorskelev i skulen, og legg grunnlaget for jamstilling òg etter skulegangen.

– Så skal ein jo heller ikkje gløyme stortingsvalet. Vi skal jobbe for at språk er ei av sakene veljarane tek med seg inn i vallokalet, og at det kjem ei regjeringsplattform som styrker nynorsken.

Den påtroppande leiaren fortel at ho ikkje har noko særskild leiarførebilete, men at ho plukkar mykje med seg frå andre leiarar ho har møtt i organisasjons- og arbeidslivet.

– Eg håper eg blir ein open leiar, som kan lage god stemning. Det er jo alltid god stemning i målungdommen, så håpet er vel meir at ein ikkje øydelegg det. Draumen er å vere ein som byggjer opp andre og sikrar politiske sigrar til Norsk Målungdom.

24-åringen har òg ei bachelorgrad i offentleg administrasjon og leiing, og håpar å kunne drage nytte av utdanninga i førarsetet i Norsk Målungdom.

Stolt oldefar og deltidsjobb

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

Ingenting. Det har litt vore ein vits heile vegen min i målungdommen at eg manglar ein hobby, eller er på evig jakt etter ein, fortel Frida Pernille Mikkelsen og held fram:

Eg kjenner at alt eg eigentleg vil fylle tida mi med er det her. No jobbar eg 100 %, og litt til, som skrivar i Norsk Målungdom, men har fått meg ein deltidsjobb for å ha noko å gjere på fritida.

24-åringen fortel at ho etter jul i år var lei av å sitje heime i eit nedstengd Oslo, og i februar fekk ho seg like greitt ein jobb som ekstrahjelp i administrasjonen til forlaget Det Norske Samlaget.– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg får ofte høyre frå slekt at no ville oldefaren min vore stolt. Han var lærar på ein skule utanfor Harstad, og nynorskmann, som dei seier. Han kunne eg gjerne tenkt meg å ta ein prat med, fortel Mikkelsen og legg til:

– Då skulle eg brukt Foodora, for eg er ikkje spesielt interessert i kjøkenaktivitetar.

Agnes Ravatn, skjermtid og idealsamfunnet

Frida Pernille Mikkelsen har ikkje éi særskild bok ho meiner alle bør lese, men tilrår heller heile forfattarskapen til Agnes Ravatn.

– Ho skriv på ein måte som passar meg perfekt. Alle burde lese ei bok av ho, eller alle! Eg lurer på om ein kanskje kan forstå noko meir av vestlandsvesenet då?

Frida Pernille Mikkelsen tilrår alle å lese bøkene til den prislønte forfattaren Agnes Ravatn. Foto: Marius Viken. Kollasj: Framtida.no

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg held meg oppdatert ved å prate med folk. Det kjem kanskje litt av at eg fort gløymer at eg skulle ha sjekka avisa, så då er det god hjelp at folk fortel meg kva som skjer.

I tillegg har Mikkelsen god nytte av kvissen til Aftenposten, og dei tallause podkastane ho lyttar til.

Den største tidstjuven i kvardagen hennar er mobiltelefonen.

– Eg skjemmest nesten litt når eg får skjermtidrapportane ein gong i veka. Blir ikkje betre av at det er Instagram og TikTok som tek storparten av tida.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit romsleg samfunn der ein unner kvarandre litt ekstra. For at alle skal få den same utsikta treng nokon nokre ekstra krakkar å stå på, og andre treng kanskje ingen. Det trur eg er ei universell linje å legge seg på uansett sak.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...