Heim Nyhende Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis lov å utvikla og kjøpa inn anna digitalt innhald, laga til bruk i skulen, berre på bokmål? Det tener korkje nynorskelevar eller bokmålselevar på, seier Språkrådet.

Språkrådet ropar hurra for lovfesting av krav til skriveprogram på begge skriftspråka og med korrekt rettskriving. Men departementet vidarefører i framlegget ein gammaldags definisjon av læremiddel som gjer at mykje av det digitale innhaldet som er utvikla til bruk i skulen, kan halda fram med å vera berre på bokmål eller på dårleg nynorsk. Det vil gjera det vanskeleg å nå målet om likeverdig språkopplæring.

Det såkalla parallellitetskravet i opplæringslova krev at alle læremiddel skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk til same tid og pris. I framlegget til ny opplæringslov står det: «Med «læremiddel» siktar ein til alle trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast regelmessig og dekkjer dei vesentlege delane av kompetansemåla eller er viktige for dei grunnleggjande ferdigheitene.»

Kunstig skilje

Men skulen brukar svært mange læringsressursar som ikkje fell inn under denne tronge definisjonen av læremiddel. Fleire av læringsressursane som er utvikla til bruk i skulen, slepp unna parallellitetskravet. Det skiljet departementet har laga mellom læremiddel og læringsressursar, opnar eit smotthol som kanskje er lønsamt for produsentar og kommunar, men for elevane blir det kostbart. Dei får ikkje møta og bruka dei norske språka i opplæringa.

– Målet er at alle barn i den norske skulen skal bli trygge brukarar av sitt eige språk. Då må regelverket løfta fram tydelege språkkrav til alle typar digitale ressursar som er utvikla til bruk i skuleverket, og som elevane faktisk møter i skulekvardagen, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås, i ei pressemelding.

Det finst òg læringsportalar og -plattformer som er utvikla til bruk i skulen, og som er like mykje brukte som skriveprogramma, men dei finst det ingen reglar for. Kvifor er det slik?

Lovkrav verkar

«Om det blir strengare språkkrav i skulen, vil ein av to ting skje: Anten må vi forbetre produktet, eller så vil vi tapa anboda», sa Sondre Ronander, PR-ansvarleg i Google, på eit seminar i regi av Nordisk ministerråd og Språkrådet i fjor haust. Diskusjonen gjaldt skriveprogrammet i Google Chromebook, som mange skular brukar, men som ikkje har korrekt stavekontroll for nynorsk. Med det nye kravet til skriveprogram i framlegget til ny opplæringslov er lovkravet no på plass.

Marknaden rår. Det er all grunn til å venta at produsentar kjem til å utvikla nynorskversjonar av populære og gode læringsressursar dersom skulen ikkje lenger kan kjøpa inn produkt som berre er tilgjengelege på eitt av dei to likestilte norske skriftspråka.
Språkrådet meiner det er naudsynt å lovfesta eit krav om at digitale læringsressursar som er utvikla med skulen som primærmålgruppe, skal finnast både på nynorsk og bokmål.

Lovkravet bør òg omfatta læringsportalane og -plattformene. Berre med desse endringane vil Stortinget kunne sikra nynorskelevane og bokmålselevane ei likeverdig opplæring.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...