Heim Nyhende Ny rekord for Falturiltu

Ny rekord for Falturiltu

Sterk auke i tilskodartalet på verdas einaste nynorske barne- og ungdomsbokfestival.

 

Kring 5700 store og små deltok på dei mange arrangementa på Falturiltu den siste veka. Det er rekord med god margin og over 40 prosent auke frå året før.

Det betyr at Falturiltu framleis er Noregs største barnebokfestival. Falturiltu har òg passert Dei nynorske festspela i publikum i år, og er dermed den største festivalen som feirar nynorsk kultur.

– Det er heilt enormt bra. No ser me fram til tiårsjubileum i 2016! seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Terningkast seks

Nesten alle dei opne arrangementa har vore utselde.

– Det er vanskeleg å trekke fram høgdepunkt frå Falturiltu 2015, for dei magiske opplevingane har stått i kø, men opninga med Fargespill og Maria Parr må nemnast. Ungane frå heile verda lekamleggjorde årets motto, fart og sjølvtillit, fortel Roald Kaldestad.

Sitatet er teke frå boka Tonje Glimmerdal av festivalforfattar Maria Parr, og Parr sine tekstar gjekk som ein raud tråd gjennom festivalen. Ho også var sjølv til stades nesten heile veka.

Konserten med Odd Nordstoga fekk terningkast seks i Haugesunds Avis, og tidlegare på dagen hadde Nordstoga trollbunde små og store om bord på bokbåten Epos ved Leirvik kai.

Arrangementa som trekte mest folk var i år musikalen Tonje Glimmerdal, laga av studentar ved Høgskulen Stord/Haugesund, konsertane med Fargespill, Odd Nordstoga og Sigvart Dagsland/Maria Parr. Elles var det ei lang rekke skule- og barnehagebesøk, kino, temadagar, utstillingar og faglege seminar. 

 Agnes Ravatn og Ingunn Dybendal byrja på ei barnebok om kva som skjer når ei heil gate skal på julebord.

Skapte barnebøker på festivalen
– Falturiltu er også svært stolte over årets mange nyskapingar. Blant anna koblarseminaret på Galleri Giga, der forfattarane Agnes Ravatn og Eli Fossdal Vaage og illustratørane Ingunn Dybendal og Stine Belden Røed møttest for første gong for å laga biletbøker.

Seminaret var leia av redaktør i Magikon forlag Svein Størksen og forfattar Per Olav Kaldestad.

– Dette kjem til å bli ein tradisjon, seier Roald Kaldestad.

Forfattarane og illustratørane er allereie godt i gang med kvar sine bøker etter berre nokre få dagar saman på festival.

Elevar bokbada forfattarar
Svært vellukka var også konseptet 3 forfattarar og 1 band, inspirert av ein opplegg på Litteraturfestivalen på Lillehammer i år, der ungdomsbokforfattarane Tor Arve Røssland, Rune Belsvik og Bente Bratlund blei bokbada av elevar på tre ungdomsskular, held Kaldestad fram.

Elevar frå Stord ungdomsskule fortalde om kva dei hadde gjort på 3 forfattarar og 1 band under formidlingsseminaret Slik som ungdom likar fredagen.

Det var også musikalsk-litterær turne med Ingunn Røyset og Trio vest, i dei tre kommunane Fitjar, Kvinnherad og Stord, og for første gong samarbeidde Falturiltu med Barnas Turlag, om det nydeleg arrangementet Eventyr og tur(iltu), der rundt hundre små og store gjekk rebusløype med lommelykt før Maria Parr las eventyr inne på Sunnhordland museum.

FAKTA:

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu feirar ti år til neste år.

Forfattarane og illustratørane som deltok i år var:

Maria Parr, Rune Belsvik, Atle Hansen, Anders Totland, Ingvild Sjo, Berit Rødstøl, Sissel Horndal, Martine Grande, Anna R. Folkestad, Roald Kaldestad, Vegard Markhus, Ragnar Hovland, Tor Arve Røssland, Bente Bratlund, Agnes Ravatn, Eli Fossdal Vaage, Stine Belden Røed, Ingunn Dybendal, Ingunn Røyset, Synnøve Macody Lund, Hans Sande og Odd Nordstoga.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...