Heim Nyhende Nyord engasjerer i Norden

Nyord engasjerer i Norden

Lanseringa av Svenska Akademiens ordlista, med det omdiskuterte, kjønnsnøytrale nyordet «hen», har ført til debatt i Noreg og Sverige.

 

I Sverige blir det også lagt merke til at den trykte ordlista har 13.000 nyord, mens 9.000 utdaterte ord er fjerna. Den norske ekvivalenten, Tanums Store Rettskrivingsordbok kom 10. mars i ny utgåve, men er langt frå så kontroversiell. I tillegg har vi nettbaserte verk som Bokmåls- og Nynorskordboka, med 134.000 søk dagleg i fjor, i tillegg til kjempeverk som enno ikkje er ferdige. Språk engasjerer i Noreg:

– Vi ser ein tendens til at enkelte tenker at endring er forfall. Men språket endrar seg uansett, det er naturleg og ikkje negativt, seier seniorrådgjevar i Språkrådet, Sturla Berg-Olsen til NTB.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Teknologisk
Språkutvikling følgjer i stor grad teknologisk utvikling.

– Har vi behov for å uttrykkje noko, finn vi ein måte å seie det på, enten ved at vi tek inn utanlandske ord eller så finn vi norske uttrykk. E-post har i stor grad erstatta e-mail, nettbrett og minnepinne er andre norske ord som har funne sin plass. Andre gonger er vi for seint ute, slik at norske versjonar ikkje slår an. Vi får det språket vi fortener, basert på bruk, seier Berg Olsen.

Mange endringar skjer gradvis, som at taxi blir meir vanleg enn drosje, aftan blir til kveld, lunsjen tek over for formiddagsmaten, piker blir jenter og fotoapparat blir kamera.

– Språket er så dynamisk og morosamt, det endrar seg veldig fort. Berre høyr på Filmavisen eller nyheitssendingar frå berre 30-40-50 år tilbake, kor formelt språket er og kva for eit ordforråd dei har, seier Petter Henriksen i Kunnskapsforlaget.

Nyord
Henriksen er prosjektleiar for Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB) som blir publisert på nett i 2017. Gigantprosjektet omfattar 230.000 ord, både gamle og nye. Finn du eit norsk ord i verk av Ibsen eller Wergeland du ikkje forstår, skal du finne betydninga her.

– Ord som ikkje er gangbare lenger av grunnar vurdert ut frå verdiar, blir utstyrte med ei forklaring om dette, men vi kuttar dei ikkje ut. Dei er ein del av språket vårt, og vi får dei ikkje vekk derifrå berre ved å fjerne dei frå ordbøkene, seier Henriksen.

I fjor samla NAOB inn nyord i samarbeid med Nitimen, og 2.052 av dei får plass i verket.

Ord på vent
På ventelista står mange ord som ikkje har nådd opp, men som godt kan tenkjast å bli vanlegare etter kvart. Her står blant anna «hen»:

– Vi har enno god tid til å vurdere om det er kome godt nok inn i det norske språket før 2017. Då snakkar vi om tilstrekkeleg og relevant bruk i allmennspråket, og ikkje berre omtale i norske medium som eit fenomen i Sverige.

Bruken av «hen» kan i Sverige bli spora tilbake til 1960-talet.

– Svenskar er svenskar, dei er kanskje verdas mest politisk korrekte folk og langt framfor nordmenn når det gjeld likestilling i språk, seier Henriksen.

LES OGSÅ: Gjer som svenskane – bruk «hen»

Typisk norsk
På kjønnsfronten har vi elles klart å riste av oss dei fleste -inne-orda, som lærarinne, skodespelarinne og kunstnarinne. Vi har nesten kvitta oss med sjukesøster, men helsesøster heng igjen. Og ordet sjømann slit vi med:

– I 2013 blei sjømannslova, som inneheldt det kuriøse omgrepet «gravid sjømann», endra til skipsarbeidslova og «sjømann» blei «arbeidstakar på skip», utan at det har slått heilt an, seier Berg-Olsen i Språkrådet.

– Vi har også fått ein stor toleranse i Noreg for å bruke dialektar, og vi kan no snakke dialekt i offentlege samanhengar utan å bli stempla som bondske. I det ligg også at nordmenn knyter språket til identitet, tilhøyring og røter. Det blir veldig personleg, seier Berg-Olsen. (©NPK)

LES OGSÅ: Fire mytar om norsk

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...