Heim Nyhende Omset Facebook til nynorsk

Omset Facebook til nynorsk

Omsetjing av Facebook frå engelsk til nynorsk skrid framover, men framleis står ein del att.

Martine Rørseth Sand studerer nordisk ved Universitetet i Bergen, og ho er ein av 146 aktive nynorsk-omsetjarar på Facebook. Ho fortel at det no står att om lag 12 000 fraser å omsetje. 60 000 faser finst på nynorsk. Det er eit møysommeleg arbeid, fortel ho. Det kjem stadig nye fraser til og mange ord og omgrep skal røystast på før dei blir tatt i bruk.

All omsetjing på Facebook er friviljug arbeid. Rørseth Sand byrja sjølv i 2009, og ho har til no omsett 3 947 ord. Det gjer ho til den desidert mest aktive av omsetjarane i nynorskgruppa.

– Kan du bestemme sjølv kva former på verb og substantiv du vil bruke?

– Ja, det er opp til kvar einskild, og det gjer det litt kaotisk. Men kjerneorda er allereie omsett, så dei må vi bruke som dei er.

– Kvifor begynte du med dette arbeidet?

– Eg bruka nynorsk på Facebook sjølv, og irriterte meg over nokre grove feil eg såg. Då meldte eg meg inn i omsetjargrupa, og sidan har det berre balla på seg.

Sidan «Norsk (nynorsk)» er ein beta språkversjon, det vil seie ein prøveversjon, kan ein ikkje få ut tal på kor mange som bruker dette språkvalet i dag. Det finst 2 302 100 Facebookbrukarar registrerte i Noreg, og av desse bruker 1 466 140 det einaste norske språkvalet, «Norsk (bokmål)».

Facebook er det klårt mest brukte sosiale mediet i Noreg i dag. Nettstaden har nesten 60 prosent av markedsdelane til sosiale medier her til lands.


Nynorsk på Facebook:

  • 146 omsetjarar
  • 91 prosent er omsett
  • Gruppa Nynorsk til folket har 4 014 medlemer
  • Gruppa Nynorsk har 13 737 medlemer
Førre artikkelTerra-kommunar må betale
Neste artikkelSatsar på bulyst

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...