Heim Nyhende Ordsnikkar og festspeldiktar

Ordsnikkar og festspeldiktar

Arne Moslåtten frå Hellbillies blir festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2012.

 

Gratulerer med jobben som festspeldiktar. Kva betyr det for deg?

 

Takk for det! Det betyr ganske mykje for meg. Det er eit ærefullt oppdrag med tanke på alle dyktige forfattarar som har hatt denne jobben før meg. Eg synest òg det er fint at det denne gongen blir sett fokus på songtekstar, som på mange måtar er ein eigen teknikk å bruke språket på.

Kva gjer eigentleg ein festspeldiktar?

Det er ikkje heilt avklara enno. Vi skal ha planleggingsmøte utover hausten og vinteren for å finne fram til tema og arrangement der eg kan bidra med noko fornuftig, og som kan vera interessant for publikum.

Kva betyr dette språket (nynorsk) for deg?

Eg bur i ein nynorskkommune og har difor skrive nynorsk heile livet. Det er vel òg det skriftspråket som ligg nærast dialekten min. I tekstskrivinga brukar eg hallingdialekten. Dialektar eignar seg svært godt i lag med musikk fordi dei er munnlege språk som har mykje mindre skarpe kantar enn skriftspråk.

Hellbillies har 20-årsjubileum i år. De gir dykk ikkje, slik for eksempel A-HA har gjort?

Nei, vi held vel på så lenge vi har moro av det og held oss friske og spreke.

Kva språkval har Hellbillies gjort?

Vi har eigentleg ikkje teke noko språkval. Vi ville skrive og uttrykkja oss på norsk, og då er det hallingmålet som er vårt språk. Vi er dessutan av den meining at norsk er det språket som fungerer best for oss rundt om i landet.

Du gjer andre ting enn å spele i Hellbillies også?

Ja, det fører òg med seg ein del kontorarbeid, og eg har også vore med på andre musikkprosjekt. I tillegg har eg bakgrunn som pedagog, og har arbeidd ein del med pedagogiske opplegg innan folkemusikk. Eg har i tillegg ein del hobbyar som tek ein del tid, som til dømes fotografering.

Skal du gjere noko spennande i haust, eller er festspeldiktar ein heiltidsjobb?

Vi skal ha ferie i slutten av september. Etter det blir det fleire konsertar fram til ut i desember. Vi startar dessutan på skriving for ein ny CD med Hellbillies, og deretter blir det arbeid i studio.

Namn: Arne Moslåtten

Alder: 63

Yrke: Musikar

Aktuell som: Festspeldiktar i 2012

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...