Heim Nyhende Ordstyraren

Ordstyraren

Hanna Relling Berg (54) håpar fleire oppdagar rikdommen i det norske språket. Sjølv har ho språk som arbeidsverktøy.

– Du har ei dotter som er forfattar. Er barndommen og oppveksten mykje av forklaringa til det?
– Me er i alle fall ein familie som er glade i å lese bøker, og me leste mykje for barna då dei var små, seier ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.
Me har snakka om språk, om identitet og nynorsk. No snakkar me om dottera, forfattaren Sunniva Relling Berg. Ho som debuterte med ungdomsromanen Utfor i 2011, og som hausta nominasjon til Brageprisen for same bok. I fjor fekk Sunniva dessutan Stiftelsen Kjell Holms kulturpris heime i Ålesund. I vår kjem oppfølgarenBeina i gitaren.
Mor Hanna er stolt og gler seg over Sunniva sin forfattarskap.
– Då eg var liten drøymde eg om eit yrke der eg kunne skrive. Me var ein liten vennegjeng som hadde diktbok-klubb. Me skreiv lange, dramatiske historier i kladdebøkene som me lånte ut til kvarandre.

Og eit liv med skriving skulle det bli, berre i ei litt anna gate. Hanna er frå Sykkylven, og etter samfunnsfag på vidaregåande skule i Stranda vart det teikning, form og farge ved husflidskulen i Molde. Så kom norsk grunnfag ved Høgskulen i Volda, eit år som lærar ved ein folkehøgskule i Vesterålen og eit år med musikk, dans og drama ved School of Creative Ministry utanfor Toronto i Canada.
– Min første jobb som journalist var som sommarvikar i Vestfold Arbeiderblad i Tønsberg, seinare vart det jobbing i Karmøybladet og i Vesteraalens Avis før eg kom til Sunnmørsposten i 1985.
Der har ho vore nyhendejournalist både på lokalkontor og i hovudredaksjonen, reportasjesjef, kulturredaktør, og i 2007 vart ho tilsett som ansvarleg redaktør.
– Kvifor journalist ?
– Utgangspunktet var skriveglede og eit ønskje om å vere med på å setje dagsorden for viktige saker i samfunnet. Eg har tru på at god journalistikk er avgjerande for at me skal ha eit levande og godt demokrati.

Ho snakkar seg varm om å yte sitt til samfunnet, om å gjere verda litt betre, på kvar sin måte. Alle har eit behov for at det dei gjer, skal vere meiningsfylt, meiner ho.
– Faren min var møbeldesignar og hadde eit sosialt engasjement i alt han gjorde. Han var oppteken av at vakre funksjonelle designmøblar skulle vere enkle og ta liten plass, slik at folk i tronge husvære kunne ha glede av dei, og dei skulle masseproduserast for å kunne bli rimelege.

Og medan faren ville gje folk rimelege møblar, var mora sjukepleiar og søndagsskulelærar.
– Ho gjorde ein stor innsats på sine område, seier Hanna.

Ho har foreldra som førebilete, saman med den meksikanske journalisten Anabel Hernandez, ei ung og modig kvinne som lagar undersøkjande journalistikk vel vitande om at ho er i livsfare, noko som gav henne prisen «Golden Pen of Freedom» under ein konferanse Hanna deltok på. Dette er ei livshistorie ganske så langt frå redaktørstolen i Sunnmørsposten.
Men attende til foreldra, til barndommen og til sykkelturane saman med faren gjennom Eventyrskogen til Storesteinen. Når faren pønska ut nye stolmodellar, tok han nemleg gjerne dottera med på sykkelturar.
– Målet for sykkelturane var Storesteinen, eit idyllisk område ved Aureelva i Sykkylven der det låg ein svær stein midt ute i elva. For å kome til Storesteinen måtte me gjennom ein liten skog. I denne vesle skogen var det soppvekstar på trea som trigga fantasien, og me kalla difor den vesle strekninga for Eventyrskogen. Gode minner frå den gongen eg var fire–fem år.

I 2007 vart ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i Sunnmørsposten. Gjennom åra har ho blitt glad i avisa og drøymer om at regionalavisa skal ha ein like viktig posisjon som mediebedrift på Nordvestlandet i dei neste 100 åra som ho har hatt det siste hundreåret.
– Sjølv om format og kanal kan forandre seg, så er oppdraget vårt det same, å bidra til positiv utvikling ved å drive god og uavhengig journalistikk, informere på ein sakleg måte, avdekke kritikkverdige tilhøve, verne enkeltmennesket mot overgrep og legge til rette for gode debattar.
Sjølv om Hanna og resten av redaksjonen ynskjer seg nye lesarar, er ikkje alltid kvardagen like enkel for avisene når opplagstala blir lagde fram.
– Papiropplaget vårt går også ned, men me registrerer at tilbakegangen er mindre for Sunnmørsposten enn for aviser på tilsvarande storleik. Me har like mange lesarar som før, sjølv om dei er fordelte på fleire kanalar.
Ho viser til prosjektet om datastøtta journalistikk, der ein skal utvikle nye digitale verktøy. Målet er å få betre samspel mellom papir, nett og mobil.
– Heile mediebransjen er inne i ein stor omstillingsprosess, og den digitale utviklinga er ikkje noko trugsmål, men ein stor sjanse til å lage endå betre journalistikk. Utfordringa er å finne fram til nye inntektsmodellar som kan finansiere journalistikken i framtida, og difor blir det prøvd ut betalingsmodellar på nett i mange aviser. Det er noko me også vurderer, eg ser positivt på framtida.

Ho var nett ute i tidsskriftet Syn og Segn og slo eit slag for sidemålet.
– Dersom me fjernar opplæringa i sidemål, svekkjer me det språklege mangfaldet, og me blir kulturelt fattigare, meinte ho der.
– Folk må oppdage rikdommen i det norske språket, som er både nynorsk og bokmål. Språk er ein viktig del av folk sin identitet og kultur.
Hanna meiner den viktigaste utfordringa til nynorskkommunane framover blir å sørge for god opplæring i nynorsk i skulen, slik at elevane blir trygge på språket sitt.
– Nynorsken er hjartespråket mitt. Det er nynorsk som ligg næraste dialekten min og er det språket eg brukar når eg skal uttrykke meg personleg. Sunnmørsposten er ei av få aviser som blir redigerte både på bokmål og nynorsk, og difor brukar eg begge målformene i jobbsamanheng.
– Kva må til for å få meir nynorsk i rikspressa?
– Det er opp til det enkelte medium å avgjere kva språk avisa skal skrivast på, og det er nok ikkje lettare å få bokmålsaviser til å skrive nynorsk enn det er å få nynorskaviser til å skrive bokmål. Men det finst ein del dagsaviser som tek omsyn til at norsk språk er både bokmål og nynorsk, som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Sunnmørsposten.

Sjølvmelding:
Namn: Hanna Relling Berg
Sivilstatus: Har vore gift med Frode i 32 år, og me har to barn; gut på 21 og jente på 25
Alder: 54
Les: Akkurat no les eg Per Petterson si nyaste bok
Høyrer på: Alle typar musikk – alt etter humøret
Blir inspirert av: Menneska eg har rundt meg

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...