Heim Nyhende Øy-utkantane passar ikkje i kommunereforma

Øy-utkantane passar ikkje i kommunereforma

For små øykommunar utan vegsamband til fastlandet er det lite å vinne på å gå inn i større kommunar – avstandane er for store, går det fram av ein ny rapport.

 

Rapporten har Norsk senter for bygdeforskning laga for Øykommuneprosjektet, eit samarbeid mellom dei ti øykommunane Fedje, Hasvik, Kvitsøy, Leka, Røst, Smøla, Solund, Træna, Værøy og Utsira. Torsdag presenterte forskarane rapporten sin for dei ti ordførarane og medlemmene i kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget, som var samla på Utsira i Rogaland.

– Rapporten har konkludert med det vi trudde på førehand. Øykommunar har avstandsulemper, seier Utsira-ordførar Marte Eide Klovning (Ap) til Haugesunds Avis.

I dei minste øykommunane deler både politikarar, kommuneadministrasjon, næringsliv og lokalbefolkninga frykta for at dei kan bli ein utkant i utkanten om dei blir del av ein større kommune. Det er tydeleg at kommunesamanslåing ikkje er eit ønske i øykommunane, går det fram av rapporten.

– Viktig rapport

At kommunereforma kan by på særlege utfordringar i Utkant-Noreg, har leiaren i kommunalkomiteen, Helge Andre Njåstad (Frp), forståing for.

– Stortingsfleirtalet har peika på tre grupper kommunar som har særskilde utfordringar, og det er kommunar i Finnmark med store avstandar, fjellkommunar og altså øykommunar. Derfor er denne rapporten viktig for oss i det vidare arbeidet med kommunereforma og oppgåvemeldinga, seier Njåstad i ei pressemelding.

Rapporten er klar nok: – Etter vår vurdering er det få indikasjonar på at kommunesamanslåing for øykommunane i utvalet kan løyse ut dei fordelane ein ønskjer å oppnå med kommunereforma, heiter det.

– Vårt råd til dei folkevalde i øykommunar og andre avstandsprega kommunar er å vere lydhøyre for alle signal i tida som kjem, men å lytte mest til eiga befolkning. Til administrasjonen er rådet å planleggje for å halde fram som eigne kommunar, skriv forskarane i rapporten. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...