Heim Nyhende Presenterte programmet for Vinje-jubileet

Presenterte programmet for Vinje-jubileet

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Torsdag blei programmet for jubileumsåret presentert på Det Norske Teatret i Oslo. Over 200 arrangement skal gå av stabelen på 60 ulike stadar i landet. 

 

– Vi blir aldri ferdige med Aasmund Olavsson Vinje. Han var så moderne og så lite A4 i diktinga og journalistikken sin at det er nødvendig at vi feirar og minnest livsverket hans gjennom heile året, sa leiar i den nasjonale jubileumskomiteen for Vinje-året, Jon Rikard Kleven, under presentasjonen av programmet for jubileumsåret.

Ifølgje Kleven skal jubileet vere med på å gjere fleire medvitne om kva betydning arbeidet til Vinje hadde både då han levde, og no.

– Han var utruleg viktig på svært mange felt. Han var journalist, essayist, lyrikar og samfunnsrefsar. Med jubileet ønskjer vi at fleire skal bli kjende med arbeidet hans, seier han til Nynorsk pressekontor.

Leiar for jubileumskomiteen for Vinje-jubileet og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, (t.v.) og sekretær i jubileumskomiteen Anders Sandvik. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

 
Vinje satsar stort på Vinje

I tillegg til å vere leiar for jubileumskomiteen er òg Kleven ordførar i Vinje kommune i Telemark. Aasmund Olavson Vinje var frå Vinje og difor satsar kommunen no stort på jubileumsmarkeringa.

– Når ein så profilert person stammar frå vår kommune er det heilt naturleg å legge mykje i ei stor markering. Det trur eg dei fleste kommunar i same situasjon ville gjort, seier Kleven.

Kommunen brukar like mykje pengar på jubileet som mange kommunar brukar på kulturtilbodet for innbyggjarane på eit heilt år.

Går jubileumsmarkeringa utover anna kulturtilbod i Vinje kommune?

Vi brukar om lag ein million kroner på jubileumsfeiringa. I tillegg går det nokre hundretusen med til opprusting av barndomsheimen til Vinje, Vinjestoga. Men det går likevel ikkje utover anna kulturtilbod i kommunen, forsikrar Kleven.

Dokketeateret Blåmann skal på turne i jubileumsåret. Det er Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen som har laga og framfører teateret. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK
 
 

Over 200 arrangement

Vinje kommune er langt frå dei einaste som skal markere jubileet.

– I samband med jubileet skal vi teppebombe heile landet med Vinje-stoff, sa sekretær i jubileumskomiteen, Anders Sandvik, til Nynorsk pressekontor tidlegare i vinter.

Musikar Tom Roger Aadland hadde urframføring av songen "Sandharpesong" under presentasjonen av programmet. Han har skrive melodien og Kjartan Fløgstad har skrive teksten. Foto: Kjell Åsmund SundeProgrammet som no er lagt fram, ser ut til å stemme godt overeins med det Sandvik sa tidlegare. I programmet kjem det nemleg fram at det skal vere over 200 Vinje-arrangement i år.

– Mangfaldet i jubileumsåret er heilt enormt. Heile programmet rekk vi ikkje å liste opp her. Men eg kan nemne at det svingar frå Vinje-slam og dokketeater til Aasmund-skål i Vinje-akevitt og bispevisitt på Vinje-messe i Vinje kyrkje, sa Sandvik under programpresentasjonen.

Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen er to av bidragsytarane i jubileumsåret. Dei skal på turne rundt om i landet med det nyskrivne dokketeaterstykket Blåmann.

– I stykket møter vi karakterane Aasmund og Blåmann. Stykket handlar om vennskapet mellom dei to og stykket er skrive med utgangspunkt i songen Blåmann Blåmann bukken min, sa dei to under programpresentasjonen.

60 kommunar skal markere

Det er ikkje berre Vinje kommune som skal feire. Heile 60 kommunar skal ha tilstellingar i samband med jubileet. På lista over arrangementsstadar finn ein kommunar som ligg nesten overalt i Noreg. Nokre døme er Oslo, Inderøy i Trøndelag, Lom i Gudbrandsdalen og Ørsta på Sunnmøre.

– Eg ønskje spesielt å trekke fram Gran kommune på Hadeland, som skal ha fleire store arrangement i samband med jubileet, sa Sandvik.

– At så mange vil markere Vinje syner berre kor stor han var. Jubileet blir ein nasjonal dugnad og det er fantastisk at så mange kommunar går inn med eigne økonomiske midlar for å markere han, seier Kleven.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...