Heim Nyhende Pris for nynorskordliste

Pris for nynorskordliste

Lars Anders Kulbrandstad, Bjarne Øygarden og Olav Veka er tildelt ordbokprisen 2010 frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Dei får prisen for ei sidemålsordbok på nynorsk. Prisen er på 50.000 kroner.

I grunngjevinga heiter det at forfattarane får prisen mellom anna for at dei gjer noko nytt for bokmålsbrukarar som skal skriva nynorsk.

Det nye går ut på at boka er pedagogisk tilrettelagt på ein ny måte. Til dømes er bokmålsord teke med i sjølve lista, men tydeleg markerte med ein skarp farge og pil til det tilsvarande ordet på nynorsk.

Lars Anders Kulbrandstad, Olav Veka og Bjarne Øygarden har lang røynsle frå skule og lærarutdanning og har gjeve ut ordlister og lærebøker for fleire skuleslag.

– Vi kjenner elevorda og veit kor dei bommar. Dermed kan vi også leggja opp ordlista på ein pedagogisk fornuftig måte, seier Kulbrandstad til nettsida for Høgskulen i Hedmark.

Dei tre forfattarane har også bakgrunn frå normeringsarbeid i Språkrådet, fortel Fagbokforlaget som gjev ut boka. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...