I komitéinnstillinga til den nye kulturmeldinga går regjeringspartia inn for å styrkje nynorsken med målretta tiltak. – Strålande, seier Noregs Mållag.
 

I merknadene til innstillinga som familie- og kulturkomiteen på Stortinget behandla ferdig denne veka, etterlyser representantane frå Høgre, Venstre, Framstegspartiet og KrF tiltak som kan betre situasjonen for dei som bruker nynorsk.

«Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall», heiter det i innstillinga frå komiteen.

Har du innspel til språkmeldinga? Då vil regjeringa høyre frå deg.

Strålande fornøgd

– Det er strålande, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

– Dette viser at det politiske miljøet ønskjer å gjere det lettare å vere nynorskbrukar. No må det vedtakast ei offensiv ny lov som tar utgangspunkt i at bokmål og nynorsk ikkje tevlar på likt grunnlag. Fleirtalsinnstillinga peikar på at konsekvensane for nynorskbrukarane må med i rekneskapen alle stader der det blir utvikla politikk, seier han.