Heim Nyhende "Rumpeldunk" er best

«Rumpeldunk» er best

Torstein Bugge Høverstad har funne opp omtrent 4 000 nye norske ord etter å ha omsett alle Harry Potter-bøkene til norsk.

 

– Det er muleg det er så mange som 4 000, eg hugsar ikkje heilt, seier Bugge Høverstad til NRK.no. Omsetjaren har gjennom mange år og tusenvis av sider funne norske namn på magiske vesen og trylleforumlar frå Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom. Og alt har skjedd på svært kort tid.

Medan det normalt tar omlag 3 månader å omsetje ei bok, måtte Bugge Høverstad jobbe døgnet rundt i 1-2 månader for å bli ferdig med kvar Harry Potter-bok. Den norske fansen venta ivrig, og bøkene var reine mursteinane, seier han.

Torstein Bugge Høverstad har tidlegare fått Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur sin litterære pris for omsetjinga av dei sju første bøkene om Harry, Hermione og Ron.

Eller Harry, Hermine og Ronny, som dei heiter i dei norske bøkene.

Bugge Høverstad er nemleg ein av dei få omsetjarane som også har gitt karakterane norske namn. Rollefigurane har namn som passar personlegdommen deira, og då bør namnet omsetjast til det lokale språket, meiner han. Han har også tidlegare sagt at «rumpeldunk» er favoritt-ordet hans. «Rumpeldunk» er det norske ordet for ballspelet «quiddish».

Denne veka er det premiere på del 2 av den siste Harry Potter-filmen, og namn og uttrykk som Bugge Høverstad har omsett i bøkene blir også brukt i filmane. Den siste filmen har fått den norske tittelen «Harry Potter og dødstalismanene».

Sjå filmklipp her:

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...