Heim Nyhende Fleire opne møte

Fleire opne møte

No blir det vanskelegare å stenge publikum og presse ute frå møte i folkevalde organ. 1. juli fekk vi nye reglar for møteoffentlegheit.

Tidlegare kunne formannskapet, kommunestyret og fylkesrådet i fylkeskommunen lukke eit møte når dei skulle handsame innstillinga til årsbudsjettet. Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget i fjor å endre reglane om møteoffentlegheit i kommunelova, og desse endringane fører no til at ein ikkje kan lukke møte for å handsame årsbudsjettet.

– Openheit er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit blant innbyggjarane, seier statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunal- og regionaldepartementet. – Årsbudsjettet er den viktigaste saka i kommunen og ålmenta bør ha fullt innsyn i korleis politikarane ønskjer å disponere verdiane til fellesskapet.

Dei nye reglane er også blitt endra for å gjere det enno tydlegare kva tid eit folkevald organ kan og ikkje kan lukke eit møte for ålmenta.

– Målet er at dei nye reglane om møteoffentlegheit skal vere presise og enklare å bruke. Når reglane blir betre, vil også føremålet med reglane om møteoffentlegheit bli betre tatt vare på, seier Dag-Henrik Sandbakken i ei pressemelding.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...