Heim Nyhende Ny dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet

Ny dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet

Gaute Øvereng er tilsett i den nyoppretta stillinga som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet.

 

Sjølv om stillinga er nyoppretta, er ikkje Øvereng (41) ny for institusjonen. Han har vore tilsett som informasjonsleiar i Aasen-tunet sidan 2004, og har dessutan jobba som administrasjonssjef den siste tida. Han tek til i stillinga som dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet i september. Øvereng har tidlegare vore informasjonsrådgivar ved WIKOS i Bergen, dagleg leiar i Stiftinga Enøk og Miljø i Ørsta, og kommunikasjonsrådgivar ved ENØK-senteret i Ørsta. Øvereng har toårig informasjonsutdanning, kristendomskunnskap mellomfag og norsk grunnfag frå Høgskulen i Volda.

 

Aasentunet får i tillegg utvida staben med ein formidlar og ein bibliotekar til Aasen-tunet og dokumentasjonsansvarleg ved Haugesenteret i Ulvik. Desse stillingane blir besatt av høvesvis Liv Astrid Skåre Langnes (34) frå Ulsteinvik, Mona Iren Auganæs (29) frå Ålvik og Oslo og Eirik Bergesen Dalen (28) frå Sandnessjøen.

– 2011 er året for fornying hos oss, og eg gler meg stort til alt vi no kan få til. Det er ein sterk stab som går laus på alle oppgåvene som ventar fram mot Språkåret 2013, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Søkjarlistene var gode, vi fekk alle dei vi helst ville ha, og ein slitesterk organisasjon er komen på plass, seier Grepstad.

Som direktør i Nynorsk kultursentrum har Ottar Grepstad også vore direktør for Ivar Aasen-tunet sidan 1999. Frå hausten konsentrerer han seg meir om den samla verksemda i Nynorsk kultursentrum, som har vakse kraftig over tid. Nynorsk kultursentrum driv to museum, tre nettstader og fleire store prosjekt, og leier arbeidet i to nasjonale nettverk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...